- Noregs Mållag stør dei reaksjonane som har kome frå både lærarar og elevar i ungdomsskulen, og protesterer mot den nye eksamensordninga der elevane skal skriva både bokmål og nynorsk på same eksamensdag, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag. Omleggjinga frå to separate norskeksamensdagar til éin, kom utan at lærarar eller elevar hadde bede om dette.
Ordninga skal setjast i verk for fyrste gong i vår, og byrjar fyrst no å bli kjend mellom lærarane og elevane som ho gjeld for. Elevane må skriva to tekstar på kort tid, den eine på nynorsk og den andre på bokmål.
Dette vil kunna føra til meir blanding av dei to skriftspråka og meir stress, og det er særleg dei svakaste elevane som vil få problem.
- Dette vil truleg òg gå særleg ut over nynorsken, fordi fleirtalet av norske elevar har lite trening i å skriva på nynorsk, og vil få for lite tid til å konsentrera seg om å skriva rett og godt på nynorsk, påpeikar Hege Myklebust.
Noregs Mållag krev at den gamle eksamensordninga med to separate eksamensdagar blir gjeninnført snarast.
For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 53 49 13 21 / 928 16 136 (m)