Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

-Ikkje raser høgskulane!

 (22.01.2008)

- Ei samanslåing av universitet og høgskular over heile landet vil i praksis seie ei rasering av distriktsprofilen i dagens system. Det kan vi ikkje godta, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal sjå nærare på den vidare utviklinga innanfor høgare utdanning. Med eit tidsperspektiv på 10-20 år skal utvalet vurdere tiltak for å sikre at strukturen av universitet og høgskular møter dei krava samfunnet har og for å sikre ein god bruk av ressursane. Rapporten vil verte presentert i dag, men signala tyder på at utvalet går inn for ei sentralisering av institusjonane. Kihl meiner at Stjernø-utvalet er fullstendig på villspor.

- I dag ligg høgskulane spreidde over heile landet og er viktige motorar i lokalsamfunna. Stjernø-utvalet har gått seg fullstendig vill i Oslo-gryta når dei ikkje ser verdien av dette. I tillegg fungerer særleg høgskulane i Rauland, Stord, Volda og Sogn og Fjordane som garantistar for eit nynorsk fagspråk. Om dei blir filialar av regionale stor-universitet, er norsk terminologiarbeid alvorleg truga, held Kihl fram.

- Målrørsla var i si tid mellom dei ivrigaste forkjemparane for distriktshøgskulane. No er vi viljuge til å stå på barrikadane for desse høgskulane på nytt. Vi kan ikkje la Stjernø og kompani øydeleggje femti års arbeid, påpeikar NMU-leiaren.

- Vi utfordrar særleg Senterpartiet og SV til å seie kva dei meiner om den modellen Stjernø-utvalet skisserer. Kan dei godta at distrikta ikkje lenger skal vere anna enn eit haleheng til studiar og forsking i storbyane?, avsluttar Jens Kihl.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no