Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget i "Ut i vår hage"

 (23.01.2008)

Harald Eia og Bård Tufte Johansen speler ekstreme mållagsmedlemer (Foto: Ole Kaland/NRK)
Tredje episode av humorserien "Ut i vår hage 2" hadde ei berande historie om at Noregs Mållag blir kuppa av eit militant medlem som ynskjer å redde nynorsken frå undergangen med ekstreme verkemiddel. Sjå programmet her.
Det er Harald Eia som spelar hovudrolla, og han har som vanleg med seg Bård Tufte Johansen og Atle Antonsen. Referansane til nazismen er tydelege, og filmen om Hitler sine siste dagar, "Der Untergang", er ei klår inspirasjonskjelde.
-Det var ikkje noko mål for oss å provosere Mållaget, seier Harald Eia til Dagbladet.
-Vår hovudidé var heller ikkje å spele på ordskiftet kring målrørsla sitt forhold til nazismen. Koplinga til Nazi-Tyskland går meir på at når grupper i samfunnet blir marginaliserte og pressa ut, opnar det seg rom for ekstreme krefter, seier Eia til avisa.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no