Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Solhjell trugar forlaga med dagbøter

 (23.01.2008)

- Me kan ikkje sitje å sjå på at store grupper med elevar får bøkene altfor seint. Fylkeskommunane, som tinga og kjøper bøkene, bør leggje inn i kontraktane at forlaga må betale dagbøter dersom bøkene ikkje er der ved skulestart, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell til NRK.

I fjor mangla tusenvis av elevar i den vidaregåande skulen bøker langt ut i haustsemesteret. No åtvarar kunnskapsministeren forlaga.

Men dei let seg ikkje truge.
- Vi kjem ikkje til å betale nokon bøter, seier Tom Skovdahl, leiaren for Læremiddelutvalet hjå Den norske Foreleggarforeininga til NRK.
- Solhjell har misforstått. Det var ikkje vår feil at bøkene ikkje kom fram i fjor. Sein bestilling frå skulane, og store problem med Forlagssentralens system for å få bøkene sendt ut, var hovudforklaring på at bøkene kom seint, seier Skovdahl.

Men det er usikkert om dette vil hjelpe nynorsk-elevane og dei som går på dei små faga. Solhjell kan ikkje love ekstra løyvingar til bøker med små opplag.
- Dette må me arbeide langsiktig med, seier han til Dagsavisen.
- Men dei aller fleste vil sjå ein langt betre situasjon i år enn i fjor.

På departementet si heimeside er det lista opp fleire punkt som skal betre læreboksituasjonen:

¤ Departementet krev at fylkeskommunane følgjer kravet i lova om at skuleeigar berre kan nytte lærebøker som ligg føre både på nynorsk og bokmål til same pris og til same tid. Dette gjeld i alle fag med unnatak av norsk (jf. opplæringslova § 9-4).
¤ Fylkeskommunane skal melde frå innan 10. september om det er kjøpt inn lærebøker i strid med denne regelen i lova. Informasjon om kva for fylkeskommuner som har følgt eller ikkje følgt lova vil òg bli publisert på heimesidene til Utdanningsdirektoratet.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no