Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krev dagbøter for manglande nynorskbøker

 (23.01.2008)

Noregs Mållag er glad for at kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell no går ut og tilrår dagbøter til forlaga som ikkje greier å levera skulebøkene i tide.
– Dagbøter er eit tiltak me har etterlyst i årevis, og me er svært glade for at kunnskapsministeren no fylgjer opp lovnadene frå i fjor, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

– Dette må sjølvsagt også gjelda for nynorskutgåvene av skulebøkene – dersom forlaget leverer berre bokmålsboka til rett tid, må dei få dagbøter heilt fram til nynorskutgåva ligg føre, krev Hege Myklebust.

Mållaget rår kunnskapsministeren til særleg å ta kontakt med dei fylkeskommunane som har mange nynorskskular, dei har alle kjent problema på kroppen.
– Telemark, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylkeskommunar vil vera naturlege samarbeidspartnarar – me vil utfordra kunnskapsministeren til å ta kontakt med dei og leggja ein plan som sikrar nynorskbøker til rett tid i haust. Det vil i så fall vera fyrste gong på 34 år, og verkeleg ei fjør i hatten for kunnskapsministeren, seier Hege Myklebust.

For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m) / 53 49 13 21

Bilete av Hege Myklebust til nedlasting.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no