Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nettsongbok med fleire nye barnesongar

 (24.01.2008)

Lurivar
Lurivar, tunkatten i Aasentunet har lansert nettsongboka si. Tunkattens songbok inneheld mange gamle og kjende barnesongar i tillegg til dei nye. Ved lanseringa kan ein finne rundt 30 songar, men songboka vil bli større alt i løpet av våren, også med fleire nye songar.

- Songboka inneheld både lyd og notar, og er laga slik at dei borna som ikkje kan lese også skal kunne lære songane, seier formidlingsleiar Anne Marta V. Vadstein i Nynorsk kultursentrum.

Arne Moslåtten, Stig Nilsson, Aggie Peterson, Per Olav Kaldestad, Jan Ove Ulstein og Henning Sommerro er nokre av bidragsytarane til den nye delen av songboka. I tillegg finn ein to songar frå skuleframsyninga "Katta i sekken", som Lurivar sjølv er med på.
- Vi er veldig glade for å kunne presentere heile ni nye og flotte nynorske barnesongar og fleire kjem til. Her er noko for ein kvar smak, seier Anne Marta V. Vadstein.

Levande songbok
Songboka er laga for at borna sjølve skal kunne bruke henne. Dei treng heller ikkje kunne lese for å finne fram, for dei får hjelp både med lyd og bilete. Best av alt er at dei kan lytte til innspelingar av songane og lære nye songar gjennom å høyre dei. I tillegg er det mogleg både å laste ned lydfiler med og utan song, og sjølvsagt notar.

For heim, skule og kor
- Vi ønskjer at songboka skal bli brukt på forskjellige arenaer, og håpar at også lærarar og korleiarar kan finne noko dei vil bruke der, seier Vadstein.

300 lærarar som var samla til kulturtorg i Molde på onsdag, blei dei første som fekk sjå og høyre frå songboka.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no