Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Innvandrarar får lære nynorsk

 (28.01.2008)

Flyktningar og innvandrarar i Stryn kan snart få opplæring på nynorsk. For ei tid tilbake etterlyste både elevar og næringsliv opplæring i nynorsk for framandspråklege som buset seg i Stryn. No melder avisa Sunnmørsposten at skule- og kultursjef Arne B. Berge tilrår at det blir lagt til rette for opplæring i nynorsk.

Stryn gav tidlegare opplæring på nynorsk. Skiftet til bokmål kom etter at kommunen fekk asylmottak. Då blei dei fleste elevane etter kvart utplasserte i kommunar med bokmål som hovudmål. No er dette endra, slik at dei fleste elevane tenkjer seg permanent opphald i Stryn.
Eit skifte til nynorsk må skje stegvis. Elevar som snart er ferdige med undervisninga, får fullføre på bokmål. Dei som tek til etter 1. februar, skal ha opplæring på nynorsk.

Berge meiner tilbodet om nynorsk læremateriell er dårlegare enn for bokmål. Undervisningsmateriell på nynorsk finst på nettet, men då må elevane ha tilgang til datamaskiner. Det stiller også større krav til lærarane. Berge tilrår i følgje avisa at det blir satsa aktivt på å utvikle nødvendig læremateriell på nynorsk.

Sunnmørsposten
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no