Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Useriøst om språk

 (28.01.2008)

Varamedlem til styret Reza Rezaee og styremedlem Jon Todal har skrive eit innlegg i Klassekampen der dei er kritiske til bruken av ballongteorien i språkopplæringa. Dei hevdar at det er ikkje slik at eit språk pressar ut evna til å læra seg andre språk. Fagfolk har avvist denne teorien, men han er framleis i bruk i politiske kretsar. Det held ikkje, skriv Rezaee og Todal.

"I diskusjonar om språkopplæring møter vi ofte ein argumentasjon som byggjer på ballongteorien. Difor er dette ein teori som det er viktig å kjenne til.

Ballongteorien er ein teori om språklæring. Teorien går ut på at dei ulike språka finst inne i kvar sine ballongar i hjernen. Dess meir ein da lærer av eit språk, dess meir vil ballongen for dette språket blåsast opp og bli stor. Men hjernen har berre avgrensa plass. Difor er det slik at dess større den eine ballongen blir, dess mindre plass vil hjernen ha for andre ballongar. Med andre ord: Dess meir vi lærer av eitt språk, dess dårlegare må vi nødvendigvis bli i eit anna språk. Dette er ballongteorien.

Ingen seriøse fagfolk vil i dag hevde at ballongteorien har noko for seg. Tvert i mot er det slik at det språklege fundamentet hos oss blir sterkare dess større språkleg repertoar vi har. For skulen bør da utfordringa vera å integrere og organisere all språkopplæring slik at elevane på best mogleg måte kan utvikle repertoaret sitt. Dette skjer ikkje i norsk skule i dag.

I Noreg har ikkje tospråklege born med minoritetsbakgrunn nokon rett på opplæring i begge språka sine. Dersom borna er «dårlege i norsk» kan skulen likevel etter nærare individuell vurdering tillate å bruke heimespråket som hjelpespråk. Men sidan det er norsk borna skal lære i norsk skule, vil ikkje styresmaktene tilby dei å få utvikle heimespråket sitt på skulen. Logikken bak dette er at eventuell morsmålsopplæring vil svekke norskinnlæringa. Her byggjer norske skulestyresmakter altså på ballongteorien.

Det er ikkje berre overfor minoritetsspråklege elevar at skulestyresmakter tenkjer på denne måten. Argumentasjonen mot obligatorisk nynorsk sidemål i Oslo, byggjer på den same tankegangen. Her har Oslo kommune til og med betalt eit forskingsmiljø for seriøst å undersøke om elevane blir betre i bokmål av å «sleppe» å skrive nynorsk. Altså ballongteorien nok ein gong.

Fagleg sett er ballongteorien død for lenge sidan. Men politisk blir han enno brukt aktivt. Dei minoritetsspråklege som ønskjer at borna deira skal bli tospråklege, har her ei felles interesse med nynorskfolk som ønskjer å oppretthalde tradisjonell språkleg jamstelling.

Språklege minoritetar og nynorskfolk har ei klår felles interesse av å nedkjempe ballongtenkinga."

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no