Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Spennande vårliste frå Skald forlag

 (06.02.2008)

Skald forlag har ei samansett liste denne våren. Hardkokt krim, praktbok om rutebilen, Jostedalsbreen i turistbokformat og fargerike barnebøker er med på å oppretthalde ein mangfaldig forlagsprofil.

Først ut, med lansering 20. februar, er krimen «Dødeleg arv» av Kai Martin Brekke. Dette er andre boka hans om Aurlandslensmannen Mikkel Holo. Debutboka «Nattergal» selde godt og fekk mykje positiv kritikk. I «Dødeleg arv» driv eit lik i land i Balestrand, og etterforskinga tek lensmann Holo til Geilo og Indre Sogn, før handlinga når sitt klimaks i Sogndal.

Ein annan vestlandsforfattar på årets vårliste er Gaute Losnegård. «Norsk rutebilhistorie» markerer at det er hundre år sidan faste bilruter kom i gang i Noreg og er den første boka som tek opp emnet på nasjonalt plan. Losnegård har tidlegare skrive fleire bøker med tema frå Vestlandet.

Reisebokserien til Skald vert i år utvida med ein tittel. «Jostedalsbreen» er den sjette boka i serien og tek lesarane med til den største breen på det europeiske fastlandet. Forfattaren, Karen Weichert, har i mange år vore fagleg ansvarleg for utstillinga på Bremuseet i Fjærland.

Med «Dei utruleg utrøyttelege gapparane frå Fripp» held Skald fram med satsinga si på omsett kvalitetslitteratur for barn. Boka har mellom anna vore på New York Times si bestseljarliste, og forfattaren, George Saunders, er også i ferd med å byggje seg opp ein fanskare her i Noreg. Dette er den første barneboka hans på norsk.

Bøkene «Mamma er best» og «Pappa er best» av islandske Bjørk Bjarkadottir er skrivne for dei minste. Situasjonane er lett gjenkjennelege for både foreldra og ungane, og illustrasjonane er fargesterke og detaljrike.

Forlaget Skald
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no