Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny Grandiosa-song på nynorsk

 (08.02.2008)

Grandiosa satsar på nynorsk i sin nye reklamelåt. Fredrik Steen har skrive songteksten og melodien er henta frå den kjende tv-serien FAME. Høyr og sjå Grandiosa-filmen.

- Grandiosa er jo for alle, difor valde me denne gongen å syngje på nynorsk. Nynorsk blir jo nytta mest i "finkultur" og i teaterframsyningar, difor trur me at målfolk vil glede seg over framstøyten, seier informasjonsleiar Inger Marie F. Ingdahl i Stabburet til VG Nett.

Dagleg leiar i Noregs Mållag seier at dette er godt nytt.
- Me arbeider jo for at ein skal nytte nynorsk alle stader, og me har sett ein aukande tendens til at ein nyttar nynorsk meir i marknadsføring. Når no Stabburet vel å nytte det for å fremje eit av dei mest populære produkta sine, så gler me oss sjølvsagt over det, seier Morken Endresen til nm.no.

Les meir hjå VG.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no