Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Medlemsboom i Mållaget

 (11.02.2008)

Sist fredag skreiv VG at Mållaget opplever ein ”medlemsboom”. Då hadde om lag 40 personar meldt seg inn i Noregs Mållag og Norsk Målungdom etter humorprogrammet Uti vår hage. Sidan då har endå fleire medlemer meldt seg inn.
– Dette syner kor viktig det er å vere synleg i media. Då får folk sjå oss og får dermed lyst til å melde seg inn, seier Magnus Bernhardsen, organisasjonssekretær i Noregs Mållag.

Han tykkjer dette er ekstra kjekt fordi Mållaget har ein vervekampanje der målet er å nå 1000 nye medlemer innan landsmøtet i april. I skrivande stund er det i underkant av 400 att for å nå dette målet.

Saka om medlemsveksten har fått oppslag på mellom anna Petre, NRK Kulturnytt og Frukost-TV. Merksemda skaper ringar i vatnet.

– Vi set pris på drahjelp frå humoravdelinga i NRK, og eg vonar at lokallaga vert inspirerte av dette og bruker høvet til å bli synlege i media lokalt, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.


Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no