Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Siger for elevane:

Betre nynorskopplæring i Oslo

 (15.02.2008)

Kultur- og utdanningskomiteen i Oslo vedtok i møte 13. februar å be byrådet setja i verk tiltak for å styrkja norskopplæringa i vidaregåande skule med særleg vekt på utvikling og fornying av undervisninga i sidemål. Byrådet vert òg bede om å halda komiteen orientert om arbeidet.
– Dersom dette vert det endelege vedtaket i bystyret 27. februar, er det eit prestisjenederlag for byrådet, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Byrådet gjorde i haust framlegg om å utvida forsøket med fritak frå sidemål til å gjelda alle dei vidaregåande skulane i Oslo.

– Byrådet la mykje prestisje og mange ressursar ned i å få gjennomført forsøket. Dette vedtaket set eit endeleg punktum for planane om vidare fritaksordningar, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

– Like viktig er det at byrådet no blir nøydd til å setja i verk positive tiltak i undervisninga som styrkjer sidemålsopplæringa. Me veit mykje om kva som skal til for at elevane skal læra nynorsk betre, og samstundes bli meir positive til faget. Tiltak som gjev resultat er mellom anna tidleg start, få ei variert og god undervisning der nynorskopplæringa ikkje er isolert til norskfaget, og å læra seg nynorsk gjennom å faktisk bruka språket, seier Hege Myklebust.

– Dersom byrådet fylgjer opp vedtaket på ein god måte kan det bli ei varig løysing på ein del av dei problema nynorsk som sidemål har hatt i mange år, og det er viktig at det skjer nettopp i Oslo. Dersom ungdom i Oslo blir vane med å bruka nynorsk, og lærer det skikkeleg, vil det breia seg positive ringverknader utover i landet, trur Jens Kihl.

Både Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti var med i fleirtalet som vedtok å søkja om fritaksforsøket i 2004. Desse partia ynskjer no ikkje å vera med på å utvida forsøket, men vil i staden styrkja sidemålsundervisninga.



Vedtaket i kultur- og utdanningskomiteen, framlegg frå A, SV, V, Rødt og KRF:
Bystyret ber byrådet iverksette tiltak for å styrke norskopplæringen i videregående skole med særlig vekt på utvikling og fornyelse av undervisningen i sidemål.

Byrådet bes blant annet vurdere funnene fra rapporten NIFU STEP (nr.33/2007) til implementering av nye undervisnings- og evalueringsmetoder som kan (1) bedre elevenes skriftlige og muntlige ferdigheter i hovedmål og sidemål, (2) bedre elevenes leseferdigheter, (3) bedre elevenes holdninger til norskfaget generelt og (4) sidemålet spesielt.

Byrådet orienterer kultur- og utdanningskomiteen fortløpende om arbeidet.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no