Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bergenstesten kjem på nynorsk

 (20.02.2008)

For å kunne ta seg arbeid på høgare nivå, må framandspråklege dokumentere norskkunnskapane sine. Problemet er at prøva, den såkalla Bergenstesten, berre har vore råd å ta på bokmål. Etter at Bergens Tidende tok opp saka i forrige veke, har Kunnskapsminister Tora Aasland lova å ordne finansiering til ein nynorsk versjon.

Norsk Tidend skreiv i fjor vår om Arvind Thattai (bilete), mannen til stipend-vinnar Ranveig Mossige Thattai, som ikkje kunne søkje arbeid ved Universitet i Bergen av di han hadde lært seg nynorsk og ikkje bokmål. Siste veke skreiv Bergens Tidende om 20 år gamle Francine Mbanza frå Burundi som var i same situasjon. Ho har likevel prøvd seg på testen, og ventar spent på resultatet.
Mbanza hadde lært seg norsk ved Gloppen opplæringssenter i Nordfjord. Dei har vore ein pådrivar for å nytte nynorsk i opplæringa av framandspråklege, og er glade for at Bergenstesten endeleg kjem på nynorsk.
– Eg håpar avgjerda gjev smitteeffekt slik at fleire nynorskkommunar no går over til å gjev vaksne framandspråklege undervisning på nynorsk, seier pedagogisk leiar Aage Føleide til Bergens Tidende.

Les meir i Bergens Tidende.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no