Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Vervekampanjen: 1000 nye medlemer

– Me skal vinne

 (26.02.2008)

– Målet er klart. Mållaga på Agder skal få høgst medlemsvekst og målet er at alle laga skal ha ein medlemsauke, slår Borghild Løver fast. Ho arbeider som skrivar i halv stilling hjå Mållaga på Agder, og er svært engasjert i medlemsverving.

Vest-Agder Mållag har verva heile 107 nye betalande medlemer. Det er fl eire lag som har gode vervetal.
– Korleis har de arbeidd med verving?
– Eg set fokus på verving på årsmøta i laga. Det er klart at den største bøygen er å få folk til å spørje. Folk tenkjer ikkje på kven dei trur kan ha lyst til vere medlem og kven dei kan spørje. Kanskje må du vere ein litt spesiell
person for å ringe rundt til folk for å spørje om dei vil verte medlemer, men sjølv om du ikkje passar til det, så kan det hende du kan spørje ein som du kjenner, seier Borghild. Ho står også for ein del av den personlege vervinga
på Agder.
– Kva gjer du konkret?
– Eg tek for meg lag etter lag. Så set eg opp ei liste med namn på folk som vi trur kan tenkje seg å vere medlem. Deretter ringjer eg rundt. Ein må tole eit nei, og det nyttar ikkje å halde fram å argumentere viss folk ikkje er interesserte. Det er viktig å konsentrere seg om dei som ikkje er framande
for tanken på å verte medlem, seier Borghild Løver.
– Eg tykkjer det er veldig moro. Viss eg får inn fem-seks medlemer i eit lag, er det kjempemoro, smiler Borghild. I haust har ho fokusert mykje på Vest-Agder, men no skal ho arbeide meir med Aust-Agder. I desse dagar har ho teke til å ringje i Gjerstad.

Aktive lokallag
Det er fl eire som gjer ein verveinnsats på Agder. Kvinesdal Mållag
kom i januar inn på 15. plass på Topp 20-lista med 13 nye medlemer. I Kvinesdal har laget nytta høvet til å verve medlemer etter at dei vann skulemålsrøystinga i Fjotland. Også i Kristiansand er det god verveaktivitet i laget. Mållaget i Kristiansand er oppe på ein fj erde plass på vervetoppen.
– Der er fl eire av styremedlemane utetterretta og kreative. Dei satsar på utetterretta arrangement og vågar å verve, fortel Borghild. Ho peikar på at både Vennesla, Lista, Evje- og Hornnes, Grindheim og Marnar Mållag har
greidd å målet om 10 % auke av medlemane. Medan Åmli Mållag,
Valle Mållag og Vennesla Mållag er halvvegs til vervemålet.
Borghild er oppteken av å bruke medlemsvervinga til organisasjonsbygging.
– Det er viktig å sjå dette i ein samanheng. Medlemsauke skaper god stemning og dette kan brukast til å til dømes få i gang att lag der styret ikkje fungerer.

Medlemskap i gåve
– Det var ein veldig fl ott ide at det vart mogleg å gje vekk medlemskap i Noregs Mållag.
– Nokon fekk det i gåve fordi det passar for dei, men andre har fått gåvemedlemskap fordi dei treng det, ler Borghild. Ho tok også med seg ideen til Høgtun kultursenter der ho også arbeider.
– Vi brukar å gje julegåver. I staden for å gje ein blomekvast eller pynteting, så gav vi gåvemedlemsskap i dei ulike lokale organisasjonane som er knytte
til kultursenteret. Det vart veldig populært. Og så er det jo sjølvsagt opp til lokallaga å gje eit så godt tilbod at medlemane vert med vidare. Eg trur også dette er ein god ide til verksemder som er på jakt etter meiningsfulle oppgåver, seier Borghild.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no