Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny forlagsdirektør i Samlaget

 (03.03.2008)

Tove Lie (44) er tilsett som ny forlagsdirektør i Det Norske Samlaget. Tove Lie kjem frå Trysil og har jobba i Nationen i 12 år. Dei siste tre åra som ansvarleg redaktør og administrerande direktør.

Lie har lang og brei erfaring frå mediebransjen, mellom anna fagpresse, Klasse-kampen og Ny Tid. Ho har vore journalist, vaktsjef, redaksjonssjef og nyheitsredaktør. Lie har som redaktør i Nationen også blitt tildelt Nynorsk redaktørpris.

– Styret er svært nøgd med at Tove Lie har sagt ja til å etterfølgje Nina Refseth som forlagsdirektør i Det Norske Samlaget. Ho er ein erfaren leiar som er van med å jobbe i grenseland mellom børs og katedral, og har eit verdigrunnlag som passar svært godt i forhold til Samlaget. Vi ser fram til det vidare samarbeidet med Tove Lie, seier styreleiar Siri Hatlen.

–Samlaget har ei viktig samfunnsoppgåve, dyktige medarbeidarar og gode forfattarar, som alle brenn for gode bøker. Eg gleder meg til å jobbe i lag med dei alle saman. Eg har fått ein spennande og utfordrande jobb som eg ser fram til å ta fatt på, seier Tove Lie.

Det Norske Samlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no