Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha pengar på bordet

 (04.03.2008)

- Gjennom å konsekvent setje av for lite pengar til dette parallellutgåver av lærebøker, held staten fram med å bryte si eiga lov, år etter år. I desse dagar blir råmene for statsbudsjettet 2009 lagde, og då må Bård Vegar hugse nynorskbøkene, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

- Eg er glad for å sjå at Kunnskapsministeren endeleg tek tak i læremiddelstoda. At alle elevar i norsk skule har rett på like god opplæring skulle vore sjølvsagt, men nynorskelevane har i alle år lide under mangelen på læremiddel på eige språk. Dette må det no bli ein endeleg slutt på, seier Kihl.

- Likevel er det særleg eitt område eg ikkje føler meg trygg på at er godt nok dekt, nemleg finansieringa av parallellutgåver som har krav på økonomisk støtte. I desse dagar blir råmene for statsbudsjettet 2009 lagde, og då må Bård Vegar hugse nynorskbøkene, held Kihl fram. Han meiner statråden må bryte tradisjonen med å underfinansiere nynorskbøkene:

- Denne situasjonen er like lite haldbar i år som tidlegare år, og det ikkje er greitt å bryte ei lov berre av di ein har gjort det før. Sist haust gjekk fleire tusen elevar ut i streik mot mangelen på nynorskbøker. Statsråden må vise handlekraft i denne saka, og kravet vårt er enkelt: Vi vil ha pengar til nynorskbøkene, avsluttar Jens Kihl.

Pressemedling frå Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no