Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Få nynorske lettlestbøker

 (05.03.2008)

- Nynorsk er likestilt med bokmål. Korleis kan det då ha seg at tilgangen til nynorske lettlestbøker er så liten? spør Anne Håland, universitetslektor ved Lesesenteret.
- Det er ikkje forlaga sitt ansvar å gi ut bøker som ikkje betalar seg, seier Tom Skovdahl, leiar i læremiddelutvalet i Forleggerforeningen.

Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger har undersøkt tilfanget av nynorske lesebøker for dei yngste. Resultatet er nedslåande. Berre 8 av 100 titlar som Lesesenteret har fått tak i er på nynorsk.

- Lærarar som underviser nynorskelevar på dei lågaste trinna i skulen, vender seg til Lesesenteret i fortviling over mangelen på tilgjengeleg lettlestbøker for begynnarlesarar, fortel Anne Håland, universitetslektor ved Lesesenteret.

- Denne mangelen på nynorske lettestbøker gjer at elevane ikkje får den mengda av tilpassa tekstar dei treng for å kunne utvikla seg som lesarar. I det elevane skal skapa ein identitet som nynorsklesarar, må dei ofte lesa bokmålsbøker for å få nok lesetrening, fortel ho.

- Det er ikkje forlaga sitt ansvar å gi ut bøker som ikkje betalar seg, seier Tom Skovdahl, leiar i læremiddelutvalet i Forleggerforeningen til NRK Sogn og Fjordane. Foreggerforeningen er motstandar av eit påbod om å gi ut fleire nynorske skjønnlitterære lettlestbøker. - Skal forlaga gi ut fleire nynorskbøker, må det kome meir pengar frå staten, seier Skovdahl.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no