Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ikkje fleire forsøk med valfritt sidemål

 (07.03.2008)

Anders Anundsen (Foto: Frp)
Utdanningsdirektoratet melder at ingen fleire søknadar om forsøk med valfritt sidemål vil bli godkjende. Dette reagerer Frp sin skulepolitiske talsmann, Anders Anundsen, sterkt på. Han meiner det bryt med forvaltningslova å avise søknadar på generelt grunnlag.

Forsøket med valfritt sidemål i Osloskulen, opna opp ei dør for sidemålsmotstandarane. I fleire kommunar har det kome framlegg om å setje i gang sine eigne forsøk, og nokre politikarar i Oslo ville utvide sitt eige forsøk.

Utdanningsdirektoratet har no sett seg lei på desse søknadane og la 4. mars fylgjande melding på heimesidene sine:
"På bakgrunn av spørsmål frå fleire kommunar om fritak frå skriftleg sidemål, har Utdanningsdirektoratet vurdert det som føremålstenleg å informere om at eventuelle søknader om forsøk med valfritt skriftleg sidemål eller søknader om fritak frå skriftleg sidemål, ikkje vil bli godkjende. Dette gjeld både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring."
Dei understrekar vidare at norsk språkpolitikk ligg fast og at det Stortinget som har det siste ordet.

Framstegspartiet sin skulepolitiske talsmann reagerer kraftig på meldinga. Han meiner at den bryt med forvaltingslova og ber i eit brev til Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell om å sjå kor vidt det er teneleg at det er direktoratet vuderer desse søknadane.
- Det er fullstendig uakseptabelt at forvaltningsorgan ikkje vil møta slike konkrete søknadar. Kommunar og fylkeskommunar som ynskjer å få i stand slike typar forsøk på å betre undervisninga bør i styrst mogleg grad få høve til det, seier Anundsen til ANB.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no