Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Samlagsforfattar årets debutant

 (10.03.2008)

Hans Herik Smith (Foto: Samlaget)
Tarjei Vesaas debutantpris 2007 gjekk til Nils Henrik Smith for boka Manhatten Skyline. Prisen stadfestar at forfattarane som debuterte på Samlaget i fjor var over snittet gode.

Prisen blir delt ut kvart år av Den Norske Forfatterforeningen til årets beste skjønnlitterære debutant. Det er foreiningas Litterære råd som er prisjury. Juryen vel ut ein prisvinnar ut frå ei fri og sjølvstendig vurdering basert på ein estetisk målestokk.

Juryen meiner at 2007 var eit av dei sterkaste debutantåra på lenge, og nemner mellom anna Agnes Ravatn si bok Veke 53. Men juryen enda altså på Smith si bok og skriv fylgjande:

"Manhattan skyline er en roman det er vanskelig å fange i kortfattede beskrivelser. Det er en fortelling som nekter å falle til ro, som vågalt søker ut over grensene den selv setter, og den etterlater leseren undrende, rørt og begeistret. Av disse og enda flere grunner vil vi gi Tarjei Vesaas‘ debutantpris for 2007 til Nils Henrik Smith."

Nils Henrik Smith er født i 1980, er frå Bryne og bur no i Bergen. Han har tidlegare mellom anna gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Les heile grunngjevinga her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no