Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Nynorske litteraturdagar

 (11.03.2008)

Målprisen 2008 frå Sogn og Fjordane gjekk i år til dei Nynorske litteraturdagane i Aurland.
- Det er ei ære å ta i mot denne målprisen. Og det er ein stolt kommune som tek imot, seier Dorthea Sekkingstad på vegne av Aurland kommune.

Prisen vart delt ut av leiar i Sogn og Fjordane Mållag Tor W. Eikemo, under fylkesårsmøtet til laget 8. mars. Sogn og Fjordane Mållag valde å gje prisen til dei Nynorske litteraturdagane og Aurland kommune fordi dei har laga eit flott arrangement som på ein framifrå måte presenterer og marknadsfører nynorsk litteratur, språk og kultur.

Prosjektansvarleg Dorthea Sekkingstad trakk fram det gode samarbeidet dei har hatt med dei nynorske forlaga.
- Denne prisen gjev oss lyst til å "gøtse" på. Politikarane har sagt at dei vil støtte prosjektet i tre år til. Planlegginga av komande Nynorske litteraturdagar er i full gang. Til hausten utvidar vi helga med ein dag, så då vert det Nynorske litteraturdagar frå 30. oktober til 2. november.

Prisen er eit trykk av Oddvar Torsheim "Susanna frå Sunnfjord".



For meir informasjon kontakt:
Leiar i Sogn og Fjordane Mållag Tor W. Eikemo tlf: 90 77 97 51

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no