Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Time Mållag

 (11.03.2008)

Siste året har det vore eit viktig ordskifte i Time Mållag om kva slag strategi laget ville gå inn for i arbeidet med å etablere eit nasjonalt Garborgsenter. I førre veke var det årsmøte og der vart det avgjort å stø opp under strategien til Time kommune. Ny leiar for Time Mållag er Inger Undheim.

På årsmøtet var den avgjerande debatten om laget skulle stø strategien til Time kommune eller om laget skulle stø arbeidet med å gjere Garborgsenteret til eit frittliggjande senter.

Strategi
Både Jærbladet og Stavanger Aftenblad som har fylgt saka tett i lengre tid, kunne rapportere om eit årsmøte med friskt ordskifte. Etter lang debatt var røystetala klare: Eit fleirtal på 39 røyster støtta at Garborgsenteret vert lagt til Forum Jæren - like aust for jernbanestasjonen på Bryne. 35 røyster ga si støtte til eit framlegg frå arkitekt Reier Carlsen om at Garborgsenteret bør plasserast «i eller langs Mølledam-området».

Etter at Tarald Oma ikkje vann fram med sitt syn på årsmøte, trekte han seg frå leiarvalet. Inger Undheim vart valt med 42 røyster og 34 røyster var blanke.

I framkant av møtet var det heile 30 folk som melde seg inn i mållaget.
- Me er sjølvsagt glade for alle nye medlemer. Eg tykkjer det er bra med eit engasjement som er så sterkt at det fører til pågang i laget. No vonar eg at dei nye held fram som medlemmar etter at denne saka er avgjort og at me kan kjempa saman for nynorsken, seier nyvalt leiar i Time Mållag Inger Undheim til Stavanger Aftenblad.

Vegen vidare
Siste møte i styringsgruppa for Nasjonalt Garborgsenter var i 10.mars. No blir prosjektet ein del av Jærmuseet. Det er Jærmuseet som vil leggje inn statsstøttesøknad for prosjektet i slutten av mars. Jarle Braut (V), leiar iRegional- og kulturutvalet i Rogaland fylkeskommune, seier til Stavanger Aftenblad at han ikkje trur splittinga i Mållaget vil ha så mykje å seia for realiseringa av sjølve Garborgsenteret:

"- Men prosjektet er jo svekka av dette, og eg er spent på korleis sponsorane vil reagera på den sterke usemja om senteret, og korleis det vil slå ut. Sjølv om han trur den politiske leiinga i Kulturdepartementet held seg orientert og fylgjer med, trur han i liten grad det vil påverka.
- Eg er meir spent på om staten går på den fordelinga av driftskostnader det er lagt opp til lokalt, at staten skal betala 60 prosent."

Fylkeskommunen har ikkje bunde seg til ei spesiell plassering for å gje støtte til drifta. Les heile saka i Stavanger Aftenblad.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no