Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mangfaldig aviskultur – einfaldig språkkultur?

 (12.03.2008)

På eit avisseminar i Molde i morgon blir nynorsk i avisene eit hovudemne. Seminaret blir arrangert av Nordmøre Mållag og Romsdal Mållag med Nils Ulvund som prosjektansvarleg.
- Bakgrunnen er at stadig fleire aviser i Romsdal og på Nordmøre slepp til nynorsk både på redaksjonell plass og i lesarspaltene, seier Nils Ulvund.

Lenge har bokmålet fått lov til å dominere. Alle som har velvilje til nynorsken, har opplevd at det har skjedd ei positiv utvikling med nynorskbruken dei siste åra. Avisene og heimesidene til fylket og kommunane er viktige for norsk språk. Dei har eit ansvar for å halde oppe den norske skriftkulturen ved å bruke meir nynorsk. Derfor er seminaret ein viktig møteplass for å gje nynorsken ein vidare skuv.

Nyhenderedaktør i Dagsavisen, Kjell-Erik Kallset tek for seg avisspråk i nasjonal samanheng . Tore Dyrnes, redaktør for Tidens Krav, skal snakke om: Kultur som lim i samfunnet – også skriftkulturen? Elles blir det korte innlegg med ulike innfallsvinklar. Det blir innlegg frå leiaren i Romsdal Mållag. Språkpolitikk i avisene sett utafrå er emnet til Magny Hjertnes Flyum. Flyum er administrativ leiar i Aasentunet med erfaring frå Landslaget for lokalaviser. Det blir kulturelle innslag, samanbinding av programmet og avrunding av seminaret ved Ole Magne Ansnes. Han har vore redaktør i avisa Driva og er no kulturleiar i Sunndal Kommune.

Ei forklaring som har vore bruka på manglande nynorsk i avisene, er at journalistane kan nynorsk for dårleg til å bruke det i ein hektisk aviskvardag. Derfor er det avsett tid til eit mikrokurs i nynorsk. Det er ved Ingar Arnøy, tilsett i Noregs Mållag. Arrangørlaga håpar at det vil bli ein vane å bruke nynorsk oftare i skriftlege media. Velviljen til å bruke nynorsk er til stades meir enn det som er synleg.

Vi trur at dette blir ein dag med både ordskifte og ettertanke. Deltakarane vil da ha mykje att for å setje av tid til dette dagsseminaret som er ope for alle interesserte.

Heile programmet og meir informasjon.

På vegne av Nordmøre Mållag og Romsdal Mållag
Nils Ulvund, 71 69 82 88 , 90 02 71 61

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no