Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Filmtips til betre nynorskopplæring

 (12.03.2008)

(Foto: Snöball Film)
Snöball Film og Nynorsksenteret har no gjort ferdig ressurspakka i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen, ei samling med 20 kortfilmar som skal inspirere norsklærarar.

Filmane i pakka syner konkrete undervisningsopplegg som er gjennomførde på skular i Trondheim, Stavanger, Bærum, Oslo og Nesodden. Dei viser at det er mogleg å gjere nynorskundervisninga spennande, variert og lærerik for elevane. Ressurspakka skal kunne brukast i internopplæringa på skular, i etterutdanning av norsklærarar og på lærarutdanninga ved høgskular og universitet. I utgangspunktet skulle ein tru at lærarstanden var skeptisk til slike opplegg. Men erfaringane har vore positive.

– Dette er jo ikkje noko som kjem i tillegg til det lærarane alt held på med, seier Knut Åge Teigen som er pedagogisk konsulent og regissør i Snöball Film.
- Dette er opplegg som kan gje lærarane nye tankar om sidemålsundervisninga og som kan gjere nynorskopplæringa meir variert og interessant for elevane. Det er viktig for oss at opplegga me presenterer, er enkle å gjennomføre. Opplegga er ikkje store og krevjande i høve tid og ressursar. Lærarane skal kunne sjå filmane og tenkje: ”Det der skal eg også kunne gjere med mine elevar!”

Men trur du ikkje det er flinke lærarar der ute som greier seg fint utan dette?

– Jo, sjølvsagt er det mykje flinke folk der ute. Og det er det som er heile poenget. Me syner jo berre fram opplegg som ein lærar har funne ut fungerer. Ofte er det jo slik at ein ikkje diskuterer sidemålsdidaktikk med kollegaer. Og den eine skulen veit i alle fall ikkje kva naboskulen driv på med. Og mitt inntrykk er at lærarar alltid er på jakt etter gode idéar som kan styrkje og lette undervisinga.

Teigen held fram filmemediet som det mest effektive mediet for å dele erfaringar.

– Lærarar bruker veldig mykje tid i klasserommet. Og desse filmane gjev dei høve til å gjeste andre klasserom. Ein ser korleis andre lærarar arbeider. Samstundes er det viktig å understreke at dette ikkje er eit fast opplegg, ein mal som ein berre kan ta utskrift av og setje ut i livet. Målet er å få lærarane til å bruke det dei har sett, til å utvikle sine eigne opplegg, som er tilpassa deira elevar og skulesituasjon. For oss som har laga filmane var det jo ei utfordring å balansere filmane mellom innhald og metode. Det er jo metoden me vil syne fram, men me vil syne han i praksis.

Les meir om og sjå filmane her.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no