Seminar med håp om mangfaldig avisspråk
(18.03.2008)
Torsdag før påske inviterte fylkeslaga i Noregs Mållag på Nordmøre og Romsdal til seminar om avismålet. Redaktørar og journalistar frå lokalavisene Tidens Krav, Aura Avis, Åndalsnes Avis og Romsdals Budstikke var til stades og hadde ein svært god dialog med målfolket. Ansvarleg redaktør i Aura Avis, Lars Steinar Ansnes, lovar at han vil ta Nordmøre mållag på alvor og syte for at det blir meir nynorsk i avisa.
- Dei siste åra har mykje bra skjedd i fylket. Både Aura Avis, Tidens Krav og Budstikka i Molde har opna for nynorsk. Det viser at avisene tek til å ta ansvaret sitt som kulturberarar alvorleg, sa Øyvind Fenne frå Romsdal Mållag. Men, det er framleis mykje att!
Ikkje medvite språkbruk i avisene Sams for dei alle avisene var ei erkjenning av at dei ikkje hadde nokon særleg medviten idé attom språkbruken sin. Einast redaktøren i Tidens Krav, Tore Dyrnes, kunne fortelja at då de skulle tilsetje ny journalist i Surnadal ynskte dei ein nynorskskrivande journalist: - Marknad rår, også i mediaverda, og i Surnadal rår nynorsk. Ergo ynskte vi ein nynorskbrukar, sa Dyrnes. Magny Hjertnes Flyum frå Aasentunet presenterte stoda for nynorsk i avisene og ho med hadde merka seg at medvitet om språk og språkbruk er mykje høgare i nynorskaviser enn i bokmålsaviser.
Svært positivt seminar Så vel bladfykane som målfolket tala vel om seminaret. – Det er ikkje ofte at det å møtast i seg sjølv har noka meining, men denne gongen meiner at sjølve møtet har vore viktig, sa Gjermund Kjøpstad frå Romsdals Budstikke. - Det er klårt at vi etter dette lyt setje oss ned å tenkje godt gjennom korleis vi framover kan ta betre ansvar for å vere reelt tospråklege, sa Kjøpstad.
Les heile artikkelen i Norsk Tidend nr. 2 som kjem etter påske.
Ingar Arnøy
|
|