Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Finn-Erix til landsmøtet

 (18.03.2008)

Foto: NRK
Det er med størst mogleg ære og takksemd at Noregs Mållag no kan melde at Finn-Erix kjem til landsmøtet i Stavanger i april. Utekonserten er eit forsøk på å gje noko attende til byen som raust nok har opna armane sine for oss midt i eit travelt kulturår.

Finn-Erix er kjende frå programserien Radio Røynda, som har gjort stor suksess på på radio og fjernsyn. Finn Tokvam er vokalist, Odd Erik Lothe spelar orgel og Halvor Folgerø bidreg på fagott. Musikalsk er dei å finne i skjæringspunktet mellom Ivar Aasen, Olav Stedje og ein standard rytmeboks. Konserten vil finne stad utanfor Sølvberget Kulturhus fredag 25. april om lag kl. 19.00. Den er i utgangspunktet gratis, men det er ingen hindring for å gje eit lite bidrag i hatten til ein hardtarbeidande, oppadstormande og motstraums gjeng med musikarar.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no