Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heidi Grande Røys talar til Norsk Målungdom

 (27.03.2008)

Norsk Målungdom samlar seg til det 48. landsmøte på Voss frå fredag 28. mars til søndag 30. mars. Eitt av høgdepunkta er når fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys går på talarstolen fredag klokka 18.00 for å halde årets landsmøtetale. Ho har markert seg som er aktiv medspelar for nynorsken i regjeringa, og ho mellom anna pådrivar for at staten skal bruke eit enkelt og godt språk.

Organisasjonen kan sjå attende på eit aktivt år, med tusenvis av elevar i læremiddelstreik, historisk sidemålssiger i Oslo bystyre, og medlemsvekst, seier Jens Kihl, leiar i NMU. No samlar utsendingar frå heile landet seg for å førebu året som kjem.

I framlegget til nytt arbeidsprogram står innvandring og mangfald øvst på lista over politiske prioriteringar. Målungdomsleiaren gler seg til å pløya ny mark i målrørsla.

- For fyrste gong vert dette emnet hovudprioritet i ein målorganisasjon, og det er på høg tid. På endå eit felt ser me at bokmålet demonsterer sin posisjon som maktspråk, og det må me gjera noko med, held Jens Kihl fram.

I året som gjekk har Jens Kihl frå Oslo vore leiar, og han stiller til attval for eitt år til. Maria Svendsen frå Oslo stiller til val som politisk nestleiar, medan Ulrikke Sægrov frå Stavanger i Rogaland stiller til attval som organisatorisk nestleiar. Janne-Kristin Nygård frå Jølster i Sogn og Fjordane er innstilt som ny dagleg leiar.

Kalender til statsråd Heidi Grande Røys

Landsmøtesidene til Norsk Målungdom

For meir informasjon om landsmøtet, kontakt:
Vebjørn Sture, presseansvarleg: 92 41 65 27
Jens Kihl, leiar: 99 23 14 90

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no