Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Siger for målungdomen:

Historisk kinoteksting!

 (31.03.2008)

Det siste året har Norsk Målungdom arbeidd for å få meir nynorsk kinofilmteksting. Euforia film har lova at dei til hausten vil tekste minst ein film på nynorsk.
– Dette er ein viktig milepæl som vi feira på landsmøtet på Voss. Vi er særs glade for at Euforia Film tek denne sjansen, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

– Norsk Målungdom vil hjelpe til med å skaffe ein kompetent omsetjar, og vi vil sjølvsagt markere det når filmen blir sett opp til hausten.
Kjetil Omberg, dagleg leiar i Euforia Film, meiner det handlar om å bryte med gamal vane.
– Eg trur ikkje dette skal bli spesielt vanskeleg. Grunnen til at vi ikkje har gjort det før no, er rett og slett at vi ikkje har ein kompetent nynorskomsetjar i miljøet, seier Omberg. Den førre filmen som blei sett opp i Noreg med nynorske filmtekstar var Ronja Røvardotter i 1985, som kom på både nynorsk og bokmål.

For morsmålsopplæring
Jens Kihl (21) frå Oslo vart attvald som leiar av Norsk Målungdom. Han gler seg til å ta fatt på det nye arbeidsprogrammet, der mangfald og innvandring har fått høgaste prioritet.
– Svært få kommunar tilbyr folk med innvandrarbakgrunn skikkeleg morsmålsopplæring. Dette er heilt hårreisande, og me har ikkje tenkt å sitja stille og sjå på at det held fram.
– I dag vert mange elevar med innvandrarbakgrunn pressa til å velja vekk sidemål. I tillegg er det stor mangel på lærebøker på nynorsk for innvandrarar. Dette er to av sakene me i Norsk Målungdom krev ei endring i, uttalar NMU-leiaren. Det vert fyrste gongen ein målorganisasjon set desse problemstillingane som fyrsteprioritet.

Val og attval
Med seg i sentralstyret får Kihl med seg Maria Svendsen (19) frå Oslo som politisk nestleiar, Ulrikke Sægrov (20) frå Stavanger som organisatorisk nestleiar, Janne Nygård frå Jølster som dagleg leiar, Vebjørn Sture (20) frå Stavanger som økonomiansvarleg, og Birgitta Lim Ersland (18) frå Bergen som sentralstyremedlem.


Samla liste over val

Sentralstyret
Leiar: Jens Kihl , Oslo
Politisk nestleiar: Maria Svendsen , Oslo
Organisatorisk nestleiar: Ulrikke Sægrov, Stavanger
Økonomiansvarleg: Vebjørn Sture, Stavanger
Skrivar: Janne Nygård, Jølster i Sogn og Fjordane
Styremedlem: Birgitta Lim Ersland, Bergen

Sivilarbeidar: Bror-Magnus Sviland Strand, Sandnes

1. vara: Odin Omdal Hørthe, Stavanger
2. vara: Marita Hovland, Kristiansand
3. vara: Klaus Kristiansen , Råde i Østfold

Landsstyet 2008/2009

På val i 2009:
Jarle Fagerheim , Klepp i Rogaland
Agnete Jovall (ny), Brumunddal
Kristin Fridtun (ny), Elverum
Victor Berglyd (ny) , Sokndal i Rogaland
Kristian Weibye (ny), Oslo
Kristina Leganger , Bergen

På val i 2010:
Tjerand Haugen Havrevoll , Suldal i Rogaland
Anne Guro Sture, Stavanger
Vida Sundseth Brenna , Oslo
Joakim F. Rønningen , Skien i
Jostein Avdem Fretland, Lærdal i
Elise Kjønsletten , Lesja i Oppland

Vara:
1. Tone Rossow , Asker
2. Lars T. Frengstad, Orkdal i Sør-Trøndelag
3. Marius Taraldsen , Austevoll i Hordaland
4. Siv Ådnegard Skulstad, Sogndal i Sogn og Fjordane
5. Eirik Tengesdal , Bjerkreim i Rogaland
6. Eva Holthe Enoksen , Stavanger
7. Eirik Wixøe Svela , Dalane i Rogaland
8. Synnøve Midtbø Myking , Lindås i Hordaland

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no