Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til nynorskelevar

 (02.04.2008)

Foto: Berit Rekve
Rogaland Mållags målpris for 2007 gjekk til Fredrik Dale, Magne Kloster, Henrik Langeland og Torkel Toft. Dei har gått i nynorskklasse ved Auglend barneskole, og valde å halda fram med nynorsk som hovudmål då dei gjekk over i ungdomsskulen.

– Det er diverre ikkje eit heilt sjølvsagt val, seier fylkesleiar Tobias Skretting då han delte ut prisen under fylkesårsmøtet i mars. Dei fire gutane går på Ullandhaug skole i Stavanger og er dei yngste prisvinnarane nokon gong.

– Ei av dei største utfordringane for nynorsken er at mange elevar skiftar hovudmål ved overgangen til ungdomsskule, og vidaregåande og høgare utdanning. Dette skjer særleg i område der bokmål dominerer. Motkreftene er sterke, mange møter forventingar om språkskifte, seier Tobias Skretting.
– Vi gler oss stort over desse elevane som gjer sjølvstendige val og held fast ved nynorsken. Gutane viser at det er mogleg å velja nynorsk, og at det er eit positivt og meiningsfullt val. Dei utmerkar seg som gode rollemodellar for andre nynorskelevar, både i Stavanger og resten av landet. Rogaland Mållag er ekstra stolte av målprisvinnarane dette året.

Foto: Berit Rekve

Glade målprisvinnarar frå Ullandhaug skole: (f.v.) Torkel Toft, Henrik Langeland, Fredrik Dale og Magne Kloster (Foto: Berit Rekve)

Diplom og pris
– Vi valde nynorsk helst fordi det er lettare for oss. Bokmål lærer vi jo alle andre stader, seier prisvinnarane.
– Korleis fungerer dette i skulekvardagen?
– Stor sett går det greitt, men i ein del planar og oppgåver som vi får, viser dei jo ofte til bokmålsutgåvene av lærebøkene. Det kan bli noko betre, seier Magne.
– Men er de sett på som ein ressurs for dei andre når dei har nynorsk, då?
– Ja, dei spør jo oss, då, seier Torkel, og dei andre nikkar.
– Ikkje alle som kom frå klassen vår ville halda fram med nynorsk, nokre flytta dessutan over til andre skular, fortel Magne.
– Kanskje det hjelper på med denne merksemda her, smiler Henrik.
Rogaland Mållag deler kvar år ut ein målpris til personar, organisasjonar eller verksemder som er gode representantar for dialekt- og nynorskbrukarar i Rogaland. Årets pris er eit diplom og 500 kroner kvar.

Saka er henta frå Norsk Tidend 2 / 2008

Berit Rekve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no