Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dei Nynorske Festspela satsar stort og breitt

 (02.04.2008)

Dei Nynorske Festspela 2008 mønstrar fleire forfattarar enn nokon gong. Det blir stor utekonsert med Herborg Kråkevik, og Heine Totland og Gisle Børge Styve debuterer begge som festspelartistar.

Dei Nynorske Festspela blir arrangerte i Volda og Ørsta frå 25. juni til 29. juni og har samla nær 50 arrangement under temaet "Dialog". I dagane 2.-4. april blir Vårspela avvikla med 11 arrangement.

Overvelda prisvinnar
- Stortinget har gitt oss meir pengar å handle for, og vi kvitterer med eit program vi ikkje kunne ha fått til utan dei pengane, seier programansvarleg Åshild Widerøe. - Vi arbeider dessutan med fleire programinnslag som blir avklara i vekene frametter.
Festspela blir opna av statsråd Magnhild Meltveit Kleppa. Ho deler også ut prisen Årets nynorskbrukar 2008. Dette er blitt den fremste nynorskprisen, og styret i Nynorsk kultursentrum er jury. - Prisvinnaren fekk melding måndag og er nok framleis litt skjelven, seier direktør Ottar Grepstad.

Femten forfattarar
Det kjem forfattarar frå både nord og aust og vest for å lese og samtale under Dei Nynorske Festspela. Festspeldiktaren pregar alle festspeldagane og får selskap av dei tidlegare festspeldiktarane Paal-Helge Haugen (1996) og Olaug Nilssen (2006). For Haugen er dette første turen til Aasen-tunet etter nybygget blei opna.
Festspelprogrammet byd på eit drøss andre gode forfattarar også. Kristin Auestad Danielsen, Sigrid Merethe Hanssen, Per Olav Kaldestad, Roald Kaldestad, Rønnaug Kleiva, Ruth Lillegraven, Hilde Myklebust, Ove Røsbak. Ingelin Røssland og Nils Henrik Smith blir alle å treffe i Volda og Ørsta desse dagane.

Konsertar i ord og tonar
- Med Lars Amund Vaage som festspeldiktar kunne vi berre ikkje la vere å la dialogane mellom musikk og litteratur prege festspelprogrammet, seier Åshild Widerøe. Vaage held sjølv eit foredrag om tekst og musikk i samspel.
Fire unge nordmøringar i gruppa Famntak har fått æra av å stå for opningskonserten i år. Gruppa Heimalanne‘ tek turen frå Bergens-området for å spele opp til hotelldans laurdagskvelden. Festspelferjetur blir det for fjerde året på rad. I år går turen innover Dalsfjorden, og med tre forfattarar og Dalsfjord bluegrassband om bord reknar arrangørane med at ferjeturen blir fort utseld også i år.

Ope for alle
Festspela har som før mange gratisarrangement og mange tilbod til alle som er glade i mat og prat. Torsdagsfrukost i tunet blir det også i år, laurdag blir det svart av folk i sentrum både i Ørsta og Volda, og fullt blir det nok også i uteamfiet i Aasen-tunet når biskop Per Lønning held preika under friluftsgudstenesta søndag. Kyrkjekaffi høyrer med.

Billettsal frå 7. april
Billettsalet tek til måndag 7. april. Festspelpass med inngang til alle arrangement kostar berre 1050 kr. Pass og billettar kan kjøpast på http://www.billettluka.no/aasentunet, og alle billettar kan hentast i Narvesen-butikkar over heile landet.

Les meir på heimesidene til Aasen-tunet.

Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no