Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk er eit framifrå reiskap

 (02.04.2008)

Verksemda Skigutane på Voss fekk Hordaland Mållag sin Målpris 2008 på årsmøtet i fylkesmållaget på Voss. -Skigutane gjev dagleg eit sterkt og overtydande prov på at nynorsk er ein framifrå reiskap i eit moderne og dynamisk næringsliv , sa Einar Ådland, leiar i Hordaland Mållag, då han gav prisen til økonomisjef Geir Underhaug.


Økonomisjef Geir Underhaug (t.h.) får Målprisen av leiar i Hordaland Mållag, Einar Ådland. (Foto: Arne Apold).

- Skigutane er ei suksessverksemd trygt rotfest, planta og plassert på Voss, men med kontaktar og medspelarar ute i den store verda. Ideen fekk Hans Eide Engelsen i 1988 i Colorado, då han kjøpte ei Bula-huva der. Noko seinare fekk han importera Bula-varer frå USA. Ved klokt og medvite samarbeid med kjende og patriotiske vossingar som Arne Hjeltnes og Kari Traa, og systematisk bruk av fjernsyn og andre massemedia fekk Skigutane gjennomslag for Bula-varene i innland- og utland, på Voss og i Oslo, i Colorado og St. Moritz og Zermatt i dei sveitsiske Alpane.
Arbeidet i Skigutane er gjennomsyra av skapande kraft, fantasi og innatsvilje. Dei har kjøpt opp både Åsnes skifabrikk i Sunnfjord og Linken binding i Narvik, og fått hand om aksjemajoriteten i Extrem i Årø i Sverige. Dei er no ei ihuga gruppe på 80 med hovudkontor på Voss, distriktskontor i Oslo og produksjonskontor i Kina, India, Canada, Italia og Taiwan.
Verksemda og dei som arbeider der har stor ære av at dei, på ein særs internasjonal marknad, nyttar heimemålet i marknadsføring og administrasjon., sa Ådland.
Prisen er eit grafisk blad av Vossa-kunstnaren Sveinung Iversen.

Ådland attvald
Einar Ådland, Askøy, vart attvald som leiar i Hordaland Mållag på Voss i helga 29.-30. mars. Dei andre i styret er Astrid Olsen, Bergen (nestleiar), Arne Apold, Bergen, Solveig Grønlien, Odda og Edith Stusdal, Lindås.
Varafolk er Karstein Bjørge, Sund, Karin Monstad, Radøy, Rannveig Bjørkum, Meland og Jon Askeland, Radøy.

Oddvar Skre, Fana vart attvald som leiar i Skulemålsnemnda i fylkesmållaget.
Dei andre medlemene er Inger Tangedal, Askøy, Kristi Yttredal Moe,Stord.
Varafolk: Geirmund Johnsen, Meland og Mona Stormark, Bergen.

Hordaland Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no