Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

nynorskklasse.no lansert

 (07.04.2008)

Måndag 31. mars vart vevstaden nynorskklasse.no offisielt lansert i klasserommet til nynorskklassen 6c på Våland skole i Stavanger. Initiativet til å starta nettstaden kom frå Stavanger Mållag, og Stavanger er ein by der det har vore mange nynorskklassar opp gjennom åra.

Frå v.:Hege Myklebust. Ingeborg Mjør, Terje Torkildsen
Det er ikkje så mange no, og det kan hengja saman med at foreldra kvir seg for å gå i gang med å starta nynorskklasse for ungane sine. Dei veit ikkje korleis dei skal gå fram, og trur kanskje retten til eiga gruppe forsvann då den gamle ordninga med fast klasseinndeling vart bytt ut med ei lausare organisering i grupper.
– Den retten står ved lag, og det er viktig at foreldra kan finna god informasjon om rettane sine, og få tips om korleis dei kan gå fram, seier initiativtakar til nettstaden og leiar i Stavanger Mållag, Ingeborg Mjør.

Den ferske nynorskklassen lilla gruppe på fyrste steg var inviterte som gjester til sjetteklasserommet, der mållagsleiar Hege Myklebust hadde med seg heimebakt nynorskklasse.no-kake, som vart skoren opp og delt ut til glade nynorskelevar. Ingeborg Mjør og miljøaktivist, humorist og nynorskelevpappa Terje Torkildsen var òg til stades for å få med seg hendinga. Mjør fortalde borna at fire ungdomsskuleelevar på Ullandhaug ungdomsskule hadde fått diplom og målpris av Rogaland Mållag for å halda på nynorsken. Då Myklebust spurde om sjetteklassingane på Våland òg ville halda fram med nynorsk på ungdomsskulen, svarte dei fleste ja. Ei av jentene var likevel litt i tvil:
– Eg har høyrt at læraren berre skriv bokmål på tavla på ungdomsskulen, og då blir det kanskje litt vanskeleg å halda på nynorsk, meinte ho.

Fyrsteklassingane var mest opptekne av om dei kunne få meir kake, og at dei aldri hadde sett ei så stor tavle som den sjetteklassingane hadde. Begge klassane fortalde at dei hadde veldig kjekke og flinke lærarar, og lærarane meinte det var eit godt miljø for å læra nynorsk på skulen og i byen Stavanger.
– Me ser berre positivt på å undervisa nynorskklassane, fortalde lærarane.

www.nynorskklasse.no

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no