Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Krisa i kunnskapskulturen

 (09.04.2008)

Allmenlæraren eit trugsmål mot kunnskapskulturen – og nynorsken! Laurdag 19. april held Noregs Lærarmållag eit ope møte om ”Krisa i kunnskapskulturen”. Innleiar er Kaare Skagen, professor ved Høgskolen i Oslo. Tidelegare utdanningsminister Kristin Clemet og leiar i Lærarmållaget Roar Madsen vil kommentere.

Skagen er kritisk til reformpedagogikken og har skrive mykje om emnet, m.a. i boka "Pedagogikkens elendighet". Det vert kommentarar ved Kristin Clemet frå tenketanken Civita og Roar Madsen, 1.amanuensis ved Høgskolen i Sør-Trøndelag.

- Fleire tiår med allmennlærarutdanning har vore svært uheldig for kunnskapskulturen i Noreg, seier Roar Madsen.
- Allmennlærarutdanninga har vore velmeint, men like fullt ei fagleg svak opplæring av dei som har viktigaste ansvaret for å dyrke og utvikle kunnskapskulturen. For nynorsken har dette t.d. ført til at hundrevis, om ikkje tusenvis av lærarstudentar er vortne sertifiserte til å undervise i nynorsk utan å kunne språket! Og problemet gjeld like mykje andre fagemne. Vi ynskjer å reise eit ordskifte om kva fylgjer utdanningsregima siste tiåra har, og kan få for kunnskapskulturen framover, seier Madsen.

Møtet vert halde i samarbeid med avisa Klassekampen og tek til klokka 12:00. Etter møtet er det årsmøte i Noregs Lærarmållag på same stad.

Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no