Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vassendgutane til topps

 (15.04.2008)

Ørsta-bandet gjekk denne veka heilt til topps på VG-lista med plara "XO". No blir det platina.
-Suksessen skuldast at me jamt og trutt har vore ute og spelt og at folk kjem attende til konsertane våre. Me har spelt oss inn hjå countryfolket, seier Sindre Aam til VG.

Vassendgutane spelar for det meste country- og dansebandmusikk, med tekstar frå kvardagen i norsk bygdeliv. Bandet har gjeve ut tre plater, og det store gjennombrotet kom i 2005 med cd-en "Ungkar med dobbelseng" som har seld til gull.
No blir det platina for plata "XO" som har passert 30 000 selde plater. Gruppa har eit stort publikum på Vestlandet, og ynskjer no å nå resten av landet.
- No må me prøve å etablere oss meir på Austlandet og på Sørlandet, seier gitarist og vokalist Sindre Aam til VG.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no