Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Solhjell til landsmøtet

 (18.04.2008)

Foto: Bjørn Sigurdson, Scanpix
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell kjem til landsmøtet til Mållaget neste veke for å halda hovudtalen om skulepolitiske utfordringar for nynorsken. Noregs Mållag er spent på om Solhjell vil avsløra kva den stortingsmeldinga om språk inneheld.

- Det er svært gledeleg at Solhjell vil vitja landsmøtet vårt. Han har synt ein vilje til å høyra på kva me opplever som dei store utfordringane i skulen idag, og det skal bli morosamt å høyra kva han tenkjer rundt dette, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.
- Dessutan er det samstundes eit godt høve for utsendingane på landsmøtet til å koma med direkte innspel til ministeren.
Trur du han vil koma med ein liten lekkasje frå Språkmeldinga som jo er rett rundt hjørnet?
- Det hadde jo vore kjekt, men eg trur han uansett vil gje uttrykk for kva regjeringa sin politikk er, og eg tvilar på at han skil seg så veldig mykje frå kva som kjem til å stå i sjølve meldinga. Berre han lovar oss konkrete tiltak for å få nynorske lærebøker til skulestart, så skal eg vera nøgd, seier Endresen.
Ho minner samstundes om at minsteren kjem til å tale allereie klokka 14 på fredag.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no