Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oppmoda om å velje bort nynorsken!

 (18.04.2008)

Studentar ved Høgskolen i Oslo (HiO) som har sagt i frå om at dei vil ha eksamen på nynorsk, har fått eit brev frå studieadministrasjonen ved skulen der dei blir bedne om å velje vekk nynorsken. Det vil nemleg krevje så mykje ekstra arbeid for lærarane.

I ein e-post til studentane, dagsett 31. mars, skreiv Høgskolen:
«Ifølge studieadministrasjonen er du registrert for å ta eksamen på nynorsk. Det er imidlertid mye ekstra arbeid for [NN] og meg å oversette eksamensoppgaven til nynorsk, spesielt når det bare gjelder 4 studenter av 409. Vi håper derfor at vi kan gi eksamen på bokmål til deg, men at du svarer på nynorsk. Vennligst bekreft umiddelbart at dette er OK.»

- HiO legg opp til å bryte forskrifta i mållova som seier at alle studentar har rett til å få eksamen på det skriftspråket dei sjølve ynskjer. Det er sjeldan at Språkrådet ser ein så klar dokumentasjon på at ein utdanningsinstitusjon tek lett på rettane til studentane, seier Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet til Dagsavisen.

Etter at Dagsavisen tok opp saka, har høgskulen snudd og elevane skal no få ta eksamen på nynorsk.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no