Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vassendgutane gjer suksess på nynorsk

 (18.04.2008)

Ørsta-bandet Vassendgutane gjekk denne veka heilt til topps på VG-lista med plata "XO".
– Vi vil gjerne gratulere med fyrsteplassen på VG-lista. Det er veldig kjekt at Vassendgutane gjer suksess på nynorsk og dialekt, seier Hege Myklebust, leiar i Noreg Mållag. Fredag 18. april møtte ho bandet og overrekte blomar og lukkeynskje.

– Tusen takk, dette set vi pris på! Det er kjekt at Mållaget legg merke til oss, sa vassendguten Sindre Aam.


Bandet har gjort stor suksess med country- og dansebandmusikk med tekstar frå kvardagen i vestlandsk bygdeliv. Vassendgutane har allereie platina for plata "XO" som har passert 30 000 selde plater.
– Det vil seie at vi selde ei plate kvart 20. sekund i veka som gjekk, hadde dei blide gutane rekna ut.

Både cd’en ”Pylse og konjakk” (2000), og ”Gi clutch” (2002) har veldig respektable salstal. I 2005 kom ”Ungkar med dobbelseng”, den har selt til gull og nærmar seg 40.000 selde eksemplar. Dette har gjort at Vassendgutane i fjor var blant dei ti mest selde artistane på norske bensinstasjonar.

– Det er veldig kjekt at Vassendgutane når ut til så mykje folk. Det syner at nynorsken også kan gje kommersiell suksess. Dette er verkeleg til inspirasjon for andre band, seier Hege Myklebust.

Bilete til nedlasting: Vassendgutane og Hege Myklebust

For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, telefon 928 16 136 (m)


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no