Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tre idear til statsråd Solhjell

 (25.04.2008)

Fredag 25. april klokka 14.00 kjem kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell til landsmøtet i Noregs Mållag i Stavanger.
– Noregs Mållag har høge forventningar, og har gode idear til korleis statsråden kan møte utfordringane for nynorsken i skulen, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

– Det viktigaste kunnskapsministeren kan gjere er å styrkje norskopplæringa i lærarutdanninga. Ei ny og styrkt lærarutdanning bør ha obligatorisk årseining i norsk, der det blir gjeve særleg opplæring i nynorsk og nynorskdidaktikk, seier Hege Myklebust. Erfaringa i dag syner at ein svært stor del av dei som no går ut av lærarutdanningane har sviktande kunnskapar i nynorsk og språkdidaktikk.

– Start tidlegare med sidemålsundervisning i skulen. Ei sidemålsgransking til Utdanningsdirektoratet syner at bokmålselevar som startar tidleg med nynorskopplæring likar nynorsk betre og vert flinkare til å skrive nynorsk, enn dei som startar seint. Dette må Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet lære av, og la alle elevar møte nynorsk alt frå dei går på mellomsteget på skulen.

– Sist, men ikkje minst, bør kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell saman med forlaga og skuleeigarane syte for at alle lærebøkene til skulestart kjem på både nynorsk og bokmål, utfordrar Hege Myklebust.

For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bilete av Hege Myklebust til nedlasting





Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no