Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorske barnebøker til sjukehuset

 (25.04.2008)

I høve landsmøtet til Noregs Mållag gav Mållaget nynorske barne- og ungdomsbøker i gåve til barneavdelinga hjå Stavanger universitetssjukehus.
- Nynorske barnebøker er nyttige både i undervisninga og til fritidsaktivitetar. Mange av pasientane kjem frå nynorskområde, så vi set stor pris på at vi får desse bøkene, seier Bitten Harestad, som er pedagog og tverrfagleg koordinator ved sjukehuset.

Sjukehuset har fleire avdelingar for barn. Og tilbyr både undervisning og fritidsaktivitetar til borna som er som pasientar ved sjukehuset.

- Det er viktig for oss at borna møter nynorsken i bøkene og i alle deler av livet, seier Hege Myklebust.

Helse Stavanger er språkleg nøytrale. Dette tyder at sjukehuset skal veksle mellom å bruke nynorsk og bokmål i utetterretta informasjon.






















Overreking av nynorske barnebøker frå Noregs Mållag til Stavanger universitetssjukehus. Med både mållaget, tilsette og pasientar var tilstades. Frå venstre: Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, Rian Conan Smith, pedagog Bitten Harestad, Askild Oxaas Straume. (Foto: Hege Lothe)

Bilete til nedlasting

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no