Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

100 år med på nynorsk i Høle

 (25.04.2008)

For hundre år sidan gjekk Høle barne- og ungdomsskule over til å bruke nynorsk. På torsdag var Noregs Mållag med å markerte hundreårsjubileet!
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, stilte med jakkemerke, balllongar og bollar, i tillegg til ein rikhaldig bokpakke.

Rektor Arvid Strand ynskte alle velkomne og deretter song elevane Mellom bakkar og berg. Stanley Wirak, lleiar for Utval for kultur og oppvekst i Sandnes kommune held ein tale.

Og deretter snakka Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, om Ivar Aasen som gjekk rundt i landet og samla inn ord til det nye skriftspråket, og om kvifor han ville at språket skulle vere Noregs eige språk. Ho fekk god respons på opplesing frå boka Hevykatten av Roald Kallestad.

Hege Myklebust overleverte ein bokpakke til Arvid Strand og Høle barne- og ungdomsskule.

Elevane fekk jakkemerke med påskrifta Takk, Ivar Aasen! Frå venstre: Sandra Kristin B. Skarholm, 8. klasse, Ine Trodal Brorheim, 9. klasse og Jørgen Møller i 10. klasse.


Elevane song både Mellom bakkar og berg, og No livnar det i lundar. Desse jentene var forsongarar til No livnar det i lundar.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no