Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Frode Grytten har motteke Nynorsk litteraturpris 2007

 (25.04.2008)

Frode Grytten får prisen for boka Rom ved havet, rom i byen.
- At andre er glade i boka gjer meg glad, sa Frode Grytten i takktala til landsmøtet. Juryen skriv i grunngjeving: ”Årets bok, som er eit høgdepunkt i forfattaren sitt verk, inneheld ti vakre, melankolske, stille, kloke, minneverdige noveller.

Prisen er på 15 000 kroner og har blitt delt ut sidan 1984. Juryen for nynorsk litteraturpris 2007 har vore Torgeir Fonnlid, Synnøve Skjong og Morten Haugen.

Her kan du lese meir om Nynorsk litteraturpris.

Heile pristalen frå juryen:
Årets prisbok er ei novellesamling, med ti noveller over det gamle temaet

Nærast er du når du er borte
Noko blir borte når du er nær
Dette kallar eg kjærleik
Eg veit ikkje kva det er

Juryen for nynorsk litteraturpris 2007 har vore, Synnøve Skjong og Morten Haugen. Dei er samde om årets prisvinnar og prisvinnarbok. Soga om denne vinnaren har mange ulike byrjingar

• Ein av dei er i ein tettstad inst i ein fjord. (Og det er slett ikkje uvanleg når det er tale om nynorsk litteratur)
• Ein annan er i det litteraturvitskaplege fagordet ekfrase. Vi skal kome attende til det, no berre antyde at både Homer, Welhaven, Kielland og Olav H. Hauge har utøvd ekfrase
• Det tredje byrjinga er ei serie bilete, som skildrar einsemd mellom menneske som står kvarandre nær.

Årets prisvinnar har skrive i dei fleste sjangrar. Han debuterte med dikt, har skrive barnebøker og hatt suksess på teatret. Årets bok, som er eit høgdepunkt i forfattaren sitt verk, inneheld ti vakre, melankolske, stille, kloke, minneverdige noveller. Dette er ei bok som syng dei gamle songane om kjærleik, i møte mellom menneske som kjenner kvarandre, elskar kvarandre, som trur dei kjenner og elskar kvarandre, eller som elskar i von og blinde.

Dei ti novellene er skrive til ti bilete av den kjende amerikanske målaren Edward Hopper, og med same tittel som måleria. Det har vore eit lukkeleg møte mellom det konkrete motivet og det store rommet for meddikting i bileta. Edward Hopper, som levde frå 1882 til 1967, er kjend som skildrar av tidlaus framandgjering, sett inn i moderne bylandskap med distinkt periodepreg. Han målar einsemd, sol og skugge, tomme landskap og rom med høve til meddikting. Han var ein overraskande, men likevel naturleg resonnansbotn for denne forfattaren som i sitt arbeide til no har veksla mellom moderne heimstaddikting, moderne lygesoger og moderne kjærleikssoger. På same måte som Hopper skildrar forfattaren rom der folk finn kvarandre, eller går under, øydelegg kvarandre (eller seg sjølv), eller elskar med stille kraft. Han skriv soger om kjærleik med arr og skuggar, og soger der sjølv lykka har strimer av vemod.

Novellene har ein dyster melankoli til felles med tidlegare noveller av forfattaren. I novellene er det mange observasjonar om verknaden av lys og mørker, og skifte mellom årstider.
• Ute ved fyret slo det han det var mørket som gav tårnet meining. I dagslys var fyret ein død ting (s 12)
• Sollyset hadde eksponert staden på ein nådelaus måte (s 109)
• Noko som løysar seg opp, og blir til noko anna, som ei årstid (s 118)

Og boka er óg full av andre skarpe observasjonar, sitatvenlege one-linarar som fleire kan skape, men som berre ein dyktig forfattar veit korleis han skal fordele ut over sidene på den rette måten. Her er nokre døme på slike
• Du luktar lykke og nederlag, du luktar som den fuglen som blir igjen om vinteren når dei andre drar sørover (s 101)
• At vi stod der og venta på at nokon skulle komme og rive oss laus frå mørkret (s 149)
Eit siste sitat er hente frå den siste redde, kjærlege, tenkte monologen frå ei kvinne til mannen: «nokon er nøydd til å vere den vesle prosenten som overlever» (s 188)

Vi opna med å vise til framandordet ekfrase. Det tyder ”detaljert beskrivelse av et kunstverk innlagt i en tale eller litterær tekst”, eventuelt også meditasjon over eit kunstverk. Dette er ein vanleg sjanger i lyrikken, og vi kan nemne Wergelands Jan van Huysums blomsterstykke, Olav H. Hauges Til eit Astrupbilete og Paal-Helge Haugens Meditasjonar over Georges de La Tour. Kielland-søsknenes Torvmyr er eit døme frå novellekunsten, og også Tor Ulven har skrive novelle til bilete av Hopper. Denne novellesamlinga er med andre ord skrive inn i ein sjangertradisjon som får fram det beste i dei beste.

Vinner av Nynorsk litteraturpris for 2007 er Frode Grytten. Gleda er like mykje vår som vi håper at den er hans. Takk for boka! Og til lukke med prisen!

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no