Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Lise Lunde Nilsen og Terje Torkildsen

 (26.04.2008)

Fredag kveld på Gaffel og Karaffel var det utdeling av målblome frå Noregs Mållag. Dei to som fekk målblome har kvar på sitt vis vore viktige for nynorsken ved Våland skole i Stavanger.

Fredag kveld var det utdeling av målblome frå Noregs Mållag. Dei to som fekk målblome har kvar på sitt vis vore viktige for nynorsken ved Våland skole i Stavanger.
- Eg vil takke for målblome og eg vil også gjerne seie at det er stas å få målblome saman med Lise Lunde Nilsen, sa Terje Torkildsen.
- Tenk om eg hadde visst dette då du var eleven min, smilte Lise Lunde Nilsen. Dette var tydelegvis ei svært populær tildeling. Dei vart møtt med stor jubel og høge trampeklapp frå landsmøtet.

Dette er grunngjevinga for tildelinga av målblome.





















Lise Lunde Nilsen har arbeidd med nynorsk på Våland skole i ei årrekkje. Ho har vore lærar for fleire av dei mange nynorskklassane skulen har hatt, men like viktig er det at ho greier å formidla positive haldningar til nynorsk både blant bokmålselevane, og foreldre og lærarar ved skulen.

Dei siste åra har ho arbeidd med eit prosjekt som tek i bruk Haugtussa som barnelitteratur. Bokmålselevane som er med i prosjektet både les og framfører deii gamle nynorsktekstane som om dei aldri skulle gjort anna. Dei går djupt inn i tekstane og set dei inn i ein moderne samanheng, og dei meistrar både nynorsk og bokmål lenge før dei tek til på ungdomsskulen og møter sidemålet der.

Effekten av arbeidet og innsatsen til Lise let seg ikkje måla, og me er stolte av å gje henne ein målblome, og samstundes seia tusen takk.


Terje Torkildsen var sjølv ein av elevane til Lise Lunde Nilsen i si tid. Han gjekk i bokmålsklasse, men lærte å bli glad i nynorsken på skulen. Seinare har han sjølv bytt til nynorsk, og han har ei fortid som aktivist i Studentmållaget i Kristiansand, og har site i landsstyret til Norsk Målungdom.

I haust hadde han sjølv ei dotter som skulle byrja i fyrste klasse ved Våland skole, og Terje arbeidde aktivt for å få med seg foreldrene til dei andre elevane på å oppretta ein nynorskklasse. Det lukkast han med, og på fyrste steg har no lilla gruppe nynorsk som hovudmål. Det var i år fem år sidan sist det starta nynorskklasse på Våland, og me vil heidra Terje for innsatsen med å få oppretta nynorskklasse igjen på Våland skole.


Bilete av målblomevinnarar til nedlasting.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no