Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stipend for å lage bygdeavis

 (26.04.2008)

Marianne Furevikstrand frå Holmedal har fått eit stipend på 50 000 kroner frå Noregs Mållag. Hennar prosjekt er å starta bygdeaviser i dei tre bygdene rundt Dalsfjorden i Sunnfjord – Dale/Flekke, Askvoll og Holmedal.
- Dette stipendet er viktig for meg. Eg vart svært glad når eg vart ringt opp, seier Marianne Furevikstrand.

Hege Mylklebust, leiar i Noregs Mållag, delte ut stipendet på vegne av styret.

Dette sa ho om bakgrunnen for dette stipendet:
Ho er ei jente på 28 år, som er frå Askvoll og bur i Holmedal. Ho er utdanna journalist, og har i tillegg studert samanliknande politikk, historie og nordisk. Ho skal gjere alt sjølv: Selja lysjingar, intervjua, fotografera, setja opp sidene, trykkja avisene og distribuera dei.

Trass i at Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke, er det slik at folk langs kysten oftare enn fjordingane og sogningane tyr til bokmål i den meir private kommunikasjonen. Bygdeavisene er eit avisprosjekt som skal vera endå meir personleg og nært enn lokalavisa (avisa Firda). Difor er det viktig at eit slikt bygdeavisprosjekt brukar nynorsk som identitetsmarkør, og det kan òg blir interessant å sjå om bygdeavisene vil ha noko å seia for bruken av nynorsk i desse bygdene.

Stipendet er eit arbeidsstipend, og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser. Stipendprosjektet skal vera knytt til utviklingsarbeid som stør opp om målsetjingar for utbreiing av nynorsk på nye område.

Noregs Mållag deler ut to stipend à kroner 50 000,-. Prispengane er ei løyving frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Dette er andre året stipenda vert lyst ut.

Bilete av Hege Myklebust , leiar i Noregs Mållag og Marianne Furevikstrand, stipendvinnar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no