Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Solhjell utfordra Mållaget til samarbeid

 (26.04.2008)

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell held landsmøtetalen for Noregs Mållag fredag ettermiddag. Han var klår på at han ville arbeide systematisk med å skaffe fram nynorske læremiddel, og leggje eit tungt press på forlaga og skuleeigarane for å sikre elevane lærebøker og digitale læremiddel samstundes med bokmålselevane.

– Men dette vil verte ei tøffe runde over mange år, seier Bård Vegar Solhjell, som utfordra Noregs Mållag.
– Eg vil invitere med mållaget til å rapportere om realitetane og situasjonen for nynorske læremiddel i skulen, seier Solhjell. Det var ein opplagd og smilande statsråd som talte til landsmøtet. Han vart møtt med ein varm applaus og det var eit svært engasjert ordskifte etter talen.

Statsråden var også oppteken av at målfolk bør samle kreftene.
– Det er viktig å samle kreftene. Vi som slåss for det same må samle oss om det vi er samde om og slåss for det, seier Bård Vegar Solhjell.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no