Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Offensivt mållag vil ha meir nynorsk

 (27.04.2008)

Eit offensivt landsmøte i Noregs Mållag har samla seg om ein strategi for dei neste tre åra. I det nye arbeidsprogrammet vert det framheva at Mållaget vil ha reell språkleg jamstelling – og då må nynorsken løftast fram.
– Noregs Mållag ynskjer å påverka individuelle og kollektive val som fører til auka bruk av nynorsk i heile landet: Målet er fleire nynorskbrukarar, fleire målfolk og fleire som er glade i nynorsken, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Mållaget vil òg at ungane skal møta nynorsken tidlegare enn i dag. Dei som har bokmål som hovudmål må møta og bruka nynorsk frå dei er ni-ti år gamle – då vil dei læra nynorsk betre, og vil bli reelt tospråklege, i tråd med norsk språkpolitikk.
– Me vil peika på at røynslene med nynorsk sidemål er særskilt relevante i ei tid når det fleirkulturelle speglar eit vesentleg større mangfald enn berre nynorsk og bokmål, seier Hege Myklebust.

Landsmøtet attvalde Hege Myklebust (38) som leiar. Ho bur på Stord og er høgskulelektor. Håvard Bjørkedal Øvregård (33) er nyvald nestleiar. Han er leiar i Kringkastingsringen, har vore aktiv innanfor Høgre og er i dag tilsett som prosjektleiar i Idrettsforbundet. Det nye styret ser slik ut; Bente Riise (Oslo), Olav Kuvås (Skaun i Sør-Trøndelag), Jon Todal (Kautokeino) og Aud Søyland (Valdres). Jens Kihl er vald frå Norsk Målungdom. Varafolk er Gudrun Kløve Juuhl, (Oslo), Håkon Steinar Giil (Hyllestad), Reza Rezaee (Oslo) og Marit Aakre Tennø (Luster).

Oversyn over heile styret ligg her.

For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)

Håvard B. Øvregård, nyvald nestleiar, 917 73 157 (m)

Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bilete til nedlasting:
Håvard B. Øvregård (Foto: Hege Lothe)

Hege Myklebust og Håvard B. Øvregård (Foto: Hege Lothe)

Hege Myklebust (Foto: Hege Lothe)

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no