Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Normering av det nynorske skriftmålet for framtida

 (27.04.2008)

Landsmøtet i Noregs Mållag gjorde dette vedtaket i saka om normering:

Noregs Mållag meiner at nynorsk i dag er eit fullt utvikla skriftmål for det norske samfunnet, og at det ikkje fyrst og fremst er språklege, men politiske, sosiale og kulturelle tilhøve i samfunnet som står i vegen for at fleire skal ta dette skriftmålet i bruk.

Det hindrar likevel ikkje at utsjånaden på nynorsken og endringar i norma kan ha innverknad på bruken av målet. Som den største nynorskorganisasjonen har Noregs Mållag eit ansvar for å halda auge med norma og uttala seg om endringar.

Mange opplever det som viktig med stor valfridom fordi dei då kan ta utgangspunkt i si eiga språkkjensle når dei skriv nynorsk. Andre meiner valfridomen er forvirrande og gjer nynorsk vanskeleg å bruka og læra. Det er ikkje forska på kva faktorar som er til hinder eller til hjelp for å læra nynorsk godt, og Noregs Mållag etterlyser slik forsking.

Når Noregs Mållag no tek opp rettskrivingsspørsmålet til ny vurdering berre seks år etter sist gong me gjorde vedtak i saka, er det av di Språkrådet vurderer å oppheva skiljet mellom hovudformer og sideformer, og laga ei trongare norm.

Tilnærmingspolitikken
Tilnærminga mellom riksmål og landsmål byrja alt med rettskrivingsendringa i 1917. Både i 1938 og 1959 var tilnærming mellom nynorsk og bokmål eit uttala mål med rettskrivingsendringane. I begge desse rettskrivingsendringane kom det inn mange ord og bøyingsformer som hadde tilnærming som målsetnad, i tillegg til dei tradisjonelle formene. Ein enda då opp med mange valfrie former, og ikkje minst mange ulike stavemåtar av eitt og same ord. Også seinare, særleg på 1980-talet, auka valfridommen på ein del punkt.

Skiljet mellom hovudformer (påbodne i lærebøker) og sideformer (tillatne for elevar) vart innført i 1938.

Tilnærmingspolitikken vart forlaten i 2002. For Noregs Mållag er det viktig at nynorsken blir normert på sjølvstendig grunnlag.

Språkrådet sitt arbeid med rettskrivinga
På slutten av 1990-talet arbeidde Norsk språkråd med ei større rettskrivingsendring for nynorsk og bokmål. På rådsmøtet i 2000 gjekk nynorskseksjonen i Norsk språkråd inn for å redusera valfridommen i læreboknormalen ved å ”degradera” mange valfrie former til sideformer, og i tillegg vart det føreslått å fjerna ein del lite brukte former. Bokmålsseksjonen på si side gjekk inn for å fjerna skiljet mellom hovud- og sideformer, i tillegg til å fjerna lite brukte former. Vedtaka vart lagde på is av Kulturdepartementet, som bad Norsk språkråd vurdera om det let seg gjera å fjerna sideformsystemet også for nynorsk. Etter det gjekk fleirtalet i nynorskseksjonen inn for å oppheva skiljet mellom hovudformer og sideformer, men i høyringsrunden som fylgde, gjekk eit klart fleirtal av fråsegnene imot å fjerna dette skiljet. Noregs Mållag var blant dei. Noregs Mållag uttala på landsmøtet i 2002: ”Utgangspunktet for normeringa av nynorsken i framtida må såleis vera nynorsken slik han er i dag. Eventuelle endringar må byggja på endringar som har skjedd i talemålet eller i faktisk bruk av skriftmålet. Tilnærming til bokmålet er ikkje aktuell politikk.”

På bakgrunn av høyringsfråsegnene gjekk nynorskseksjonen inn for at rettskrivinga i nynorsk framleis skal vera samansett av ein læreboknormal, som heretter burde kallast ”hovudnormal”, og tillatne sideformer.

Då sideformsystemet i bokmål vart avskaffa i 2005, var det etter ønske frå bokmålsfolka sjølve. Men Kulturdepartementet konstaterte at ein ikkje hadde lykkast i å koma fram til ei tilsvarande løysing for nynorsken, og departementet uttala at ein tidlegast kunne koma tilbake til nynorskrettskrivinga etter at Norsk språkråd var omdanna. Styret i det nye Språkrådet vedtok så hausten 2007 at det vil ”setja i gang arbeidet med å laga ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer”.

Nynorskbrukarane
Ivar Aasens kongstanke var at landsmålet skulle tuftast på norsk talemål, og han ønskte at ”Formen skal være Een”. For å få det til måtte han i mange tilfelle gå tilbake til eldre sams former av ord som seinare hadde utvikla seg i ulike retningar i ulike landsdelar. Dei som seinare har normert nynorsken, har i større grad teke utgangspunkt i moderne talemål, slik at både austlendingar og vestlendingar, sørlendingar, trønderar og nordlendingar skal kunna kjenna seg heime i nynorsken, og det har ført til at det har vorte mange valfrie former i nynorsk.

Hovudgrunnlaget for nynorsken er dei norske dialektane. Det inneber likevel ikkje at alt som finst i dialektane, finst i nynorsken. Skriftspråket skulle i utgangspunktet vera det som samla dei mange dialektane til éi skriftnorm. Etter kvart som nynorsken har fått ein skrifttradisjon, har denne tradisjonen òg fått ein eigenverdi som ein må ta omsyn til i normeringa. Det er viktig å understreka at skriftspråket nynorsk passar for alle som vil skriva norsk, uavhengig av talemålsgrunnlag. Det spelar inga rolle om ein snakkar ein dialekt som stammar frå nord, sør, aust eller vest i landet, eller har eit talemål som ligg tett opp til bokmål, slik fleire og fleire nordmenn har (ikkje minst dei som har opphavet sitt og morsmålet sitt utanfor landet) – nynorsk er eit skriftspråk for alle desse.

Nynorsk rettskriving i framtida
Noregs Mållag ser på nynorsken som eit eige skriftmål som byggjer på dei norske dialektane, og som må normerast på sjølvstendig grunnlag. Normeringa må gå ut frå dialektane og nynorsken slik han er brukt i dag, med eit mål om å finna ein samlande normal med dei formene som har størst utbreiing. Sidan Noregs Mållag skal representera nynorskbrukarar frå heile landet, meiner vi det er tenleg med ein del valfrie former i nynorsken. Men det finst òg ein del former i nynorsken som er lite brukte. Noregs Mållag ser positivt på at Språkrådet vil gjera eit oppryddingsarbeid i rettskrivinga, jamna ut inkonsekvensar og fjerna former det er dårleg grunnlag for i talemål og skriftspråk. Noregs Mållag meiner at det er på tide å oppheva skiljet mellom hovud- og sideformene, slik at den normalen ein lærer i skulen, kan brukast overalt også seinare i livet.

Det er likevel ikkje rettskrivingsendringar som skal til for at fleire skal bli nynorskbrukarar; dei må møta nynorsk overalt i samfunnet. Noregs Mållag vil derfor arbeida for at nynorsken skal takast i bruk på stadig nye samfunnsområde, i stadig større grad.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no