Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fråsegner frå landsmøtet

 (29.04.2008)

Vedtekne fråsegner frå landsmøtet i Noregs Mållag 2008.

1) Gje minoritetsspråklege nynorskopplæring!

Minoritetsspråklege får oftast opplæringa si på bokmål, også i dei kommunane der ein nyttar nynorsk som hovudmål. Det er fleire negative konsekvensar av dette:

• Mange innvandrarar får vanskar med å forstå dialektar når skriftspråket ligg langt frå talemålet der ein bur, særleg dersom lærarane også nyttar bokmål som talemål i kommunikasjon.
• Innvandrarforeldre får vanskar med å hjelpa borna sine med skulearbeid når dei nyttar to ulike skriftspråk.
• Det generelle integreringsarbeidet kan verta vanskelegare. Språk og identitet heng saman.

Ei gjennomgåande grunngjeving for bruk av bokmål har vore at det ikkje finst tenleg opplæringsmateriell på nynorsk, og at det difor er lettare å nytta bokmål i opplæringa.

Det vil vera lettare for innvandrarar å nytta det språket dei møter der dei bur.

Kunnskapsdepartementet må syta for å få laga tenleg opplæringsmateriell på nynorsk for desse målgruppene.


2) Islandske sagaer må omsetjast til nynorsk

Nordisk Kulturfond har løyvt pengar til omsetjing av dei islandske sagaene, førti i talet, til norsk, svensk og dansk. Noregs Mållag meiner dei norske omsetjingane må vera på nynorsk.

Sagaene er skrivne på gamalnorsk. Nynorsken er utan tvil det av dei to norske måla som ligg nærast gamalnorsken. Difor vil dei verdskjende litterære kvalitetane i desse verka koma fram på ein mykje meir levande og klangrik måte i nynorsk form enn på bokmål.


3) Gje morsmålsopplæringa eit lyft!

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner morsmålsopplæringa i Noreg treng eit lyft. I Noreg er det mange minoritetsspråklege elevar som ikkje kan lese eller skrive sitt eige morsmål.

Manglande undervising i og på morsmål er eit problem, ikkje minst etter at opplæringslova blei endra slik at det er opp til kvar einskild kommune å avgjere kva norsklæreplan dei minoritetsspråklege elevane skal fylgje. Dei fleste har berre krav på morsmålsopplæring til dei er støe nok i norsk til å fylgje undervisinga på dét språket. I dag finst det knapt kommunar i Noreg som gjev skikkeleg morsmålsopplæring. Morsmålet til minoritetsspråklege blir altså ikkje sett på som ein ressurs i seg sjølv, og fokus er einsidig på det eigentlege språket, som er norsk. Dette er ei grov nedvurdering av kunnskapane elevane sit inne med. Opplæringa lyt byggje på ein premiss om at morsmålet i seg sjølv er viktig som grunnlag for fagleg og språkleg utvikling.

Landsmøtet i Noregs Mållag ber stat og kommunar prioritere morsmålsopplæring for minoritetsspråklege.



4) Norsk salmebok

Salmebokutvalet i Den norske kyrkja har no avslutta arbeidet sitt og sender framlegg til ny salmebok til Kyrkjerådet. Kyrkjerådet skal handsama framlegget i byrjinga av juni og sender det så ut på høyring med frist 31. januar 2009.

36,8 prosent av salmane i dette framlegget er på nynorsk. Landsmøtet i Noregs Mållag er ikkje tilfreds med dette talet. Salmar er ein sjanger i særstilling når det gjeld språkleg uttrykk. Salmar høyrer til ved dei viktigaste stunder i livet og rører ved dei djupaste strenget i sinnet. For hundretusenvis av kyrkjefolk i dette landet er det fyrst og fremst nynorsk som kan gje den rette klangbotnen. Det er sjølvsagt viktig å ta omsyn til ulike tema og gudstenestelege høve, slik at det i alle samanhengar er mogleg å velja salmar på sitt eige mål.

Noregs Mållag ser det som ein grunnleggjande rett at kyrkjelydar med nynorsk som liturgisk språk / nynorsk liturgi, får like mange salmar på eige mål å velja i, som dei med bokmål. Me oppmodar på det sterkaste Kyrkjerådet til å syta for språkleg jamstelling, dvs like mange salmar på nynorsk som på bokmål, i det framlegget dei sender ut på høyring.

Noregs Mållag oppmodar også alle høyringsinstansar i landet til å ta omsyn til den språklege fordelinga når dei vurderer salmeutvalet. Det blir kyrkjelydane med sine medarbeidarar som til slutt vel kva for salmar dei vil bruka. Men eit likeverdige tilbod til alle føreset at begge språka er likt representerte.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no