Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Oversendt statsråden frå styret i Noregs Mållag

Tre idear til statsråden

 (29.04.2008)

Dette idenotatet vart vedteke av styret 24. april 2008 og presentert for statsråd Bård Vegar Solhjell på landsmøtet fredag 25. april.

Tre idear til statsråden:

Noregs Mållag har høge forventningar til kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell. Vi veit at han er oppteken av vilkåra for nynorsken. Han har også ei samla regjering bak seg som skreiv dette ned i Soria Moria-erklæringa:

”Regjeringen vil peke på det verdifulle mangfoldet som ligger i det å ha to norske skriftkulturer. Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter.”

Så når statsråd Solhjell no kjem til talarstolen på landsmøtet til Noregs Mållag fredag 25. april, utfordrar vi han til å gjera tre viktige grep for nynorsken i skulen.

Styrk norskopplæringa i lærarutdanninga
Ein svært stor del av dei som no går ut av lærarutdanningane har sjølv så sviktande kunnskapar i nynorsk og språkdidaktikk, at dei ikkje er kvalifiserte til å undervisa i korkje nynorsk som hovudmål eller nynorsk som sidemål. Dei kjem ut av vidaregåande skule utan god nok kunnskap i nynorsk, og i rammeplanen for lærarutdanninga står det ikkje noko om at studentane skal ha opplæring i nynorsk.

Tiltak:
I Stortingsmeldinga om lærarutdanninga som er varsla må norskfaget takast opp særleg, og problemet med manglande kvalifikasjonar i nynorsk må drøftast. Ei ny og styrkt lærarutdanning bør ha obligatorisk årseining i norsk, der det blir gjeve særleg opplæring i nynorsk og nynorsk didaktikk.


Start tidlegare med sidemålsundervisning i skulen
Ei sidemålsgransking til Utdanningsdirektoratet syner at bokmålselevane som startar tidleg med nynorskopplæring, likar nynorsk betre og vert flinkare til å skriva nynorsk, enn dei som startar seint. Tendensen er altså klar: Di tidlegare sidemålsundervisninga startar i skulen, di betre vert haldningane til faget.

Tiltak:
Dette må Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet fylgja opp i praksis. I fyrste omgang bør ein stimulera skulane til å byrja med nynorskundervisning på barnesteget. Dette bør deretter bli fylgt opp av ei endring i Opplæringslova.


Nynorske læremiddel til elevane
Den viktigaste grunnpilaren for å læra nynorsk i skulen, er at elevane får nynorske læremiddel. Dette kravet vart lovfest alt for tretti år sidan. Kvart einaste år opplever likevel nynorskelevar at bøkene deira ikkje ligg føre til skulestart. Kvar gong det vert gjennomført ei skulereform, vert problema ekstra store, noko vi har sett tydeleg dei siste to åra med innføringa av Kunnskapsløftet. Noregs Mållag krev at alt opplæringsmateriell skal liggja føre på nynorsk i tillegg til bokmål, og dette gjeld ikkje minst den digitale delen av læreverka. Nesten alle nye læreverk har no tilhøyrande nettstader med tilleggsstoff, oppgåver og lenker. Desse er jamt over berre på bokmål. Ved spørsmål til Aschehoug om sidene snart ville koma på nynorsk òg, var svaret «Slik det er i dag, justeres nettsidene våre kontinuerlig for å gjøre dem best mulig, og vi kommer ikke til å lage nynorskversjoner før bokmålsidene er gode nok. Dette betyr dessverre at vi ikke kan love nynorske nettsider kommende skoleår.»

Tiltak:
Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell bør saman med forlaga og skuleeigarane syta for at alle lærebøkene til skulestart kjem på både nynorsk og bokmål. Han bør utstyra Utdanningsdirektoratet med ressursar nok til å halda oversyn over situasjonen i kvart fag, og hindra at bøker som ikkje ligg føre på begge former vert sende ut i skulemarknaden. Nettsider som fylgjer med læreverka kan ikkje takast i bruk før dei ligg føre på både nynorsk og bokmål.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no