Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ønskjer kandidatar til nynorsk redaktørpris

 (07.05.2008)

Mediemållaget ønskjer framlegg til kandidatar til Nynorsk redaktørpris for 2008.
- I år deler ut redaktørprisen for femte gong. Prisen skal gå til ein redaktør som bidreg til å fremja nynorsken sin posisjon i media, seier leiar Berit Rekve.

Mediemållaget ønskjer med denne prisen og setje søkjelyset på nynorsken sin kvardag i medielandskapet og stimulera til debatt rundt nynorsk i media.
Prisen vert delt ut under Dei nynorske mediedagane i Oslo, 10. oktober. Fristen for å koma med framlegg til kandidatar er 1. juni.

Tidlegare vinnarar:
2007 Sjefredaktør Tom Hetland, Stavanger Aftenblad
2006 Tidlegare distriktsredaktør Per Arne Kalbakk, Østlandssendingen
2005 Sjefredaktør Tove Lie, Nationen
2004 Tidlegare sjefredaktør Hilde Haugsgjerd og kulturredaktør Cathrine Sandnes, Dagsavisen

Meir om vinnarane og laget: www.nm.no/lag/mediemallaget

Framlegg med grunngjeving kan sendast til mediemaallaget@nynorsk.no, eller ta kontakt med leiar Berit Rekve, mob. 958 70 611.

Mediemållaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no