Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Manglande nynorskopplæring gjev dårlegare integrering

 (14.05.2008)

Vaksne innvandrarar får oftast opplæringa si på bokmål, også i dei kommunane der ein elles nyttar nynorsk. Dette gjev dårlegare integrering, meiner Noregs Mållag.

– Mange innvandrarar får vanskar med å forstå dialekten der dei bur, når dei berre lærer bokmål i norskopplæringa, særleg dersom lærarane også nyttar bokmål som talemål i kommunikasjon, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

– Det er ei ekstra utfordring for innvandrarforeldre å hjelpa borna sine med skulearbeid på eit skriftspråk dei sjølve ikkje har lært, påpeikar Hege Myklebust. Språk og identitet heng saman. Det vil vera lettare for innvandrarar, både vaksne og ungar, å nytta det språket dei møter der dei bur.

– Innvandrarar i nynorskområde som berre får læra bokmål kan oppleve dobbel utestenging, fyrst frå storsamfunnet fordi dei er nye i Noreg, i tillegg frå lokalsamfunnet fordi dei ikkje har lært nynorsk som blir brukt lokalt, seier Reza Rezaee, varamedlem til styret.

Ei gjennomgåande grunngjeving for bruk av bokmål har vore at det ikkje finst tenleg opplæringsmateriell på nynorsk, og at det difor er lettare å nytta bokmål i opplæringa. Eit samla landsmøte i Noregs Mållag krev difor at kunnskapsdepartementet må syta for å få laga tenleg opplæringsmateriell på nynorsk for innvandrarar.


***
Bilete til nedlasting

For meir informasjon:
Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag, 928 16 136 (m)
Håvard B. Øvregård, nestleiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no