Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Unge boklesarar i Stavanger likte nynorskbok best

 (16.05.2008)

1. og 2. klassingane i Stavanger har røysta fram Slangen i graset av Hans Sande og Gry Moursund om den beste boka i 2007.
- Litt spesielt at den er så populær, i og med at det er ei nynorskbok. Det er mange foreldre som ikkje tek med seg boka herifrå når dei oppdagar at det er bok på nynorsk. Men Stavanger-dialekta ligg jo nær opp til nynorsk, så det kan jo vere ein årsak, seier litteraturformidlar Per Ebbe Helberg til Rogalands Avis.

For å få barn og unge til å lese meir, skipar Barne- og ungdomsbiblioteket i Stavanger ei kåring av dei beste barnbøkene. I år var 11. gongen, og alle grunnskuleklassane i Stavanger fekk høve til å røyste fram den beste boka i 2007, delt opp i 3 klassar. Det er dei tilsette ved avdelinga som nominerer bøkene og dei kan velje mellom norske og skandinaviske utgjevingar. Tevlinga er eit samarbeid mellom biblioteket og Norli Stavanger.

Les meir på Biblioteket sine heimesider.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no